Hopp til innhold

Anklagar politiet for å angripe fredelege demonstrantar

129 personar vart i dag arrestert i Boston i ein av mange «Occupy Wall Street»-demonstrasjonar i USA. Politiet vert skulda for å ha «brutalt angripe» fredelege demonstrantar.

Video Demonstrasjonar i Boston

KLIKK FOR VIDEO: Desse bileta syner korleis politiet brutalt gjekk inn i folkemengda.

«Occupy Wall Street« starta i New York for fleire veker sidan, men har no spreidd seg til mange amerikanske storbyar. I natt tok politiet i Boston eit oppgjer med frustrerte amerikanarar som hadde trekt til gata.

Demonstrantane vart åtvara av politiet måndag om at dei måtte forlate Rose Kennedy Greenway-parken i Boston innan midnatt. Denne parken ligg eit kvartal unna Dewey-plassen som demonstrantane har okkupert heilt sidan 30. september.

Klokka 1 natt til tysdag, lokal tid, omringa fleire hundre politifolk parken – mange av dei spesialstyrkar. Etter fleire åtvaringar reiv dei ned heile leiren, og rydda parken for demonstrantar, skriv The Guardian.

Arresterte helsepersonell

Wall Street Protest Boston

Fleire fredelege demonstrantar skal ha blitt lagt i bakken av spesialpoliti.

Foto: Chitose Suzuki / Ap

Organisatorane la ut eit fråsegn på nettsida occupyboston.org, der dei gav deira versjon av kva som hendte.

– I natt gjekk hundrevis av politifolk brutalt til åtak på menneske som hadde samla seg på ein fredeleg måte. Boston-politiet gjorde ingen forskjell på demonstrantar, helsepersonell eller observatørar.

– Dei arresterte blant anna fire helsepersonell som var i gong med å behandla ein skada person.

Gruppa seier vidare at fleire krigsveteranar vart angripne og dytta til bakken av politiet.

Støttar politiet

Borgarmeisteren i Boston Thomas Menino gjekk ut og forsvarte måten politiet handla på.

– Eg forstår at demonstrantane har ytringsfridom, men me må samtidig halde styr på byen vår. Eg er open for innspel frå demonstrantane, men sivil ulydnad vil ikkje bli tolerert, sa han til avisa The Boston Globe.

Han seier han forstår mykje av frustrasjonen til demonstrantane, men understrekar at dei ikkje kan få lov til å lamme byen.

Blir større og større

Occupy Wall Street-demonstrasjonane byrja i New York City i slutten av september, men har no spreidd seg til mange byar i USA.

I likskap med demonstrantane i Europa og Nord-Afrika tidlegare i år nyttar demonstrantane sosiale media hyppig.

Dei som demonstrerar har ingen felles plattform, men ser på Wall Street som eit symbol på grådigheit og alt som har gått gale i USA.

Wall Street Protest Boston

Slik såg det ut då demonstrantane samla seg i Boston måndag.

Foto: JOSH REYNOLDS / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt