Hopp til innhold

- Tøffe tider - men vi er tøffare

USAs president Barack Obama lovde tilhøyrarane i den kriseramma bilbyen Detroit at det å skape nye jobbar, er hans viktigaste oppgåve.

Video Obama hylla fagrørsla i USA

VIDEO: Obama hylla fagrørsla i USA.

- Det er tøffe tider, men vi er endå tøffare, sa Obama til ei lydhøyr forsamling i Detroit på sjølvaste Labour Day, USAs svar på 1. mai. Soul-dronninga Aretha Franklin, ein mangeårig støttespelar, varma opp for presidenten.

- Stans spelet

Klar bodskap til Obama i Detroit.

Klar bodskap frå denne tilhøyraren. Amerika treng jobbar.

Foto: JASON REED / Reuters

Barack Obama retta ei direkte oppmoding til Det republikanske partiet om å stanse spelet dei driv med i Kongressen og bidra til at den amerikanske økonomien kjem på fote igjen.

- Sett omsynet til landet før omsynet til partiet, sa han blant anna.

- Vi har over ein million arbeidsledige anleggsarbeidarar klare til å bli skitne på fingrane. Arbeidarane er klare og arbeidsgjevarane er klare. No ventar vi berre på at Kongressen skal bli klar, sa Obama til stor jubel frå tilhøyrarane.

Presidenten kom med rosande ord om fagrørsla i talen sin. Han sa at dei fagorganiserte var sjølve grunnfjellet USA er bygd på. Hardt arbeid, ansvar, offer, å passe på kvarandre og å gi alle ein sjanse til å få del i den amerikanske

Barack Obama heldt talen sin framfor hovudkvarteret til General Motors i Detroit.

Barack Obama heldt talen sin framfor hovudkvarteret til General Motors i Detroit.

Foto: JASON REED / Reuters

velstanden. Det er det fagrørsla handlar om, sa han.

- Sterk fagrørsle

- USA kan ikkje ha ein sterk øknomi utan ei veksande middelklassen og ei sterk fagrørsle, sa han.

Tilhøyrarane svarte med appaus og rop om fire nye år som president for Obama, som repliserte med kritikk av fagforeiningsfiendtlege krefter.

- Tida er ute for spelet i Kongressen. No må politikarane de har stemt inn i Kongressen gjere jobben sin og få USA i gang igjen, la han til.

Arrangmentet i dag vart halde på ein parkeringsplass framfor det enorme General Motors-hovudkvarteret i Detroit, og 13.000 fagforeiningsmedlemer hadde møtt fram for å høyre på presidenten.

Detroit er hardt ramma av arbeidsløyse på grunn av dei dårlege tidene i amerikansk bilindustri.

Obama skal leggje fram ein sysselsetjingspakke for Kongressen førstkomande torsdag. Dette skjer etter at det før helga vart lagt fram tal som viser at det ikkje vart skapt nye arbeidsplassar i USA i august.

Arbeidsløysa i USA er no på 9,1 prosent.

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.