Hopp til innhold

Afghansk politisjef drepen i åtak

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Opprørarar har onsdag storma ein politistasjon i den afghanske byen Kandahar. Politisjefen er drepen.

Dei militante opprørarane tok seg inn på politistasjonen, drap politisjefen og utløyste dermed ei kraftig skotveksling.

Dei lokale styresmaktene i Kandahar stadfestar i ei Twitter-melding at politisjefen vart drepen i åtak.

  • LES OGSÅ: Sju politimenn drept i Helmand

Kandahar ligg sør i Afghanistan og er landets nest største by. Den var tidlegare sete for administrasjonen til Taliban-regimet.

Dagens åtak skjer nøyaktig ei veke etter at broren til president Hamid Karzai vart gravlagd i Kandahar. Den yngre halvbroren Ahmed Wali Karzai vart drepen førre tysdag av sin eigen tryggingsvakt i familien sin heim i byen.

Hamid Karzai i gravferda til broren

President Hamid Karzai sørgjer over drapet på broren sin, Ahmed Wali Karzai.

Foto: Mamoon Durrani / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt