Hopp til innhold

Høgt budsjettspel i Washington

Den noverande budsjettstriden i Washington er som ein repetisjon frå 1995: Kven må blinke først av dei to som stirrar kvarandre i augene? Innsatsen som ligg i potten, er presidentvalet i 2012.

Barack Obama

President Barack Obama etter det blei semje om budsjettet forrige fredag. No ventar nye rundar.

Foto: Nyhetsspiller

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Bokstaveleg talt i siste time klarte president Barack Obama og Kongressen natt til laurdag å finne eit kompromiss i den langvarige budsjettstriden i Washington.

Dermed unngjekk også partane å stenge offentlege kontor og sende 800.000 statstilsette i USA ut i permisjon.

Vann på motstand

John Boehner

Leiaren i Representanthuset John Boehner pressas av sine eigne.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters

Situasjonen i helga minte om 1995. Da blei trusselen gjennomført og delar av statsapparatet stengt etter at president Bill Clinton la ned veto mot det budsjettforslaget som den republikanskdominerte Kongressen hadde sendt han.

Også den gongen handla det om helsestell, pensjonar og miljøvern.

Det var ved inngangen til valkampen, og Clinton spela høgt da han nekta å skjere ned, og leiaren i Representanthuset, Newt Gingrich, svarte med å nekte å heve gjeldstaket.

Situasjonen er i ettertid blitt omtala som ein konkurranse om kven som måtte blinke først av to som stirrar kvarandre i augene. Slik sett tapte Gingrich.

Clinton fekk rett nok først skulda for at det offentlege apparatet gjekk i stå og tapte tilsvarande i meiningsmålingane.

Men straks floken var løyst og tinga kom på stell igjen, gjekk populariteten til Clinton rett til vers og ga han attval hausten 1996.

Bill Clinton og Newt Gingrich

I budsjettstriden mellom Bill Clinton og Newt Gingrich, var det Clinton som trakk det lengste strået.

Foto: POOL / REUTERS

Tør Obama satse esset?

Så høgt har Obama ennå ikkje våga å spele. Han har også ein valkamp som ventar, men har til nå valt å prøve rolla som den samlande leiaren. Det har han betalt med stor vilje til å kome ein krevjande opposisjon i møte.

Og det blir han kritisert for av tilhengarar som nobelpris-økonomen Paul Krugman.

Ironisk skriv han i spalten sin i The New York Times at alle nå må ofre litt: «Dei fattige og dei eldre må godta kutt i hjelpeordningane sine, mens næringslivet og dei aller rikaste må godta kutt i skatten».

Men nye og større kampar ventar.

I Washington siterer dei Winston Churchill om dagen: «Dette er ikkje slutten. Det er ikkje ein gong begynnelsen på slutten. Men det er kanskje slutten på begynnelsen.»

Den grunnleggande konflikten ligg der framleis, og emnet er gitt for den politiske debatten dei neste månadene - og dermed også i inngangen til valkampen framfor presidentvalet neste år.

Statsgjelda som trumf

Alt onsdag vil president Obama legge fram ein langsiktig plan for å redusere den gallopperande statsgjelda. Det kvite hus har varsla om at dei der leitar i krokar for å finne noe å spare. Ingen ting er freda, verken helsestell eller forsvar.

Obama har alt godtatt kutt på over 400 milliardar kroner i årets budsjett, men veit at han snart vil bli stilt overfor enda større krav frå republikanarane for neste år.

Trumfen i dette spelet er den amerikanske statsgjelda.

USA er blant dei få landa som har eit tak på kor mye regjeringa kan låne for å dekke utgiftene sine.

Landet har i øyeblikket ei gjeld på vel 14,2 billionar dollar – dvs knappe 80.000 milliardar kroner. Det vedtatte gjeldstaket er på 14,3 billionar - og med den farten gjelda aukar akkurat nå, vil dette taket vere nådd før 17. mai.

Vanlegvis blir taket løfta når det er nødvendig, i ei gjensidig forståing mellom Republikanarane og Demokratane.

Men etter kongressvalet i fjor, er det nå kome inn ei stor ny gruppe republikanarar med bakgrunn i den såkalla teselskaprørsla. Dei er tilnærma imot eikvar offentleg utgift.

Sjølv om Republikanarane oppnådde meir i budsjettforhandlingene i forrige veke enn dei opprinneleg kravde, er dette langt frå nok for teselskapet.

Dei har eit kontinuerleg press på leiaren sin i Representanthuset, John Boehner, og har sverja på at dei ikkje vil heve taket for statsgjelda før Obama og Demokratane i Senatet innfrir krava for dei neste budsjettåra.

Kven sit med Svarteper?

Den grunnleggande republikanske planen er å redusere dei føderale utgiftene med over 30.000 milliardar kroner dei neste 10 åra. Det er mye pengar, og det vil gå ut over dei fleste offentlege program for hjelpetrengande i USA.

Denne planen er det altså Republikanarane har i handa når dei snart blir bedt om å vere med og heve gjeldstaket.

Blir taket ikkje heva, kan ikkje regjeringa låne meir for å dekke dei løpande utgiftene til å styre det føderale USA. Det vil ikkje bare ha verknader for lønsutbetaling til offentleg tilsette, men rokke ved heile USAs grunnfesta posisjon i finansverda.

USA blir landet som ikkje kan gjøre opp for seg.

Uroa er stor, langt utanfor dei politiske rekkene i Washington. Sentralbanksjefen, Ben Bernanke, har alt vore i Kongressen og teikna eit bilde av ei ny finanskrise.

Demokratane veit i øyeblikket ikkje korleis dei skal sikre seg nok stemmer i Kongressen for å få løfte gjeldstaket.

Republikanarane er heller ikkje heilt sikre på at dei skal sleppe uskadde frå den tøffe linja dei har valt.

Ingen ønsker å sitte med skylda for ei ny økonomisk krise ved det komande valet.

SISTE NYTT

Siste nytt