Libya
24 menneske er drepne i demonstrasjonar mot Gaddafi-regimet i den austlege byen Benghazi, opplyser sjukehuskjelder. 15 menneske skal ha blitt drepne då tryggingsstyrkar skaut mot deltakarar i eit gravferdsfølgje, opplyser innbyggjarar i byen.
Menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch melde i går at tryggingsstyrkane har drepe 84 menneske i løpet av tre dagar i Libya, blant dei 35 i Benhazi på fredag.
Siste sakene frå Libya: www.nrk.no/nyheter/verden/1.7511594
Bahrain
Fleire tusen jublande demonstrantar gjeninntok Perleplassen i sentrum av hovudstaden Manama i dag, etter at militæret fekk ordre om å forlate området og unngå konfrontasjonar. I kveld skal også politiet har trekt seg bort frå plassen.
Ved 21.30-tida laurdag kveld blir det meldt at kronprins Salman har starta ein dialog med ulike politiske grupper i landet. Dette er ikkje stadfesta av den sjiamuslimske opposisjonen.
Seks menneske er drepne i Bahrain sidan måndag.
Siste sakene frå Bahrain: www.nrk.no/nyheter/verden/1.7514249
Jemen
Fleire studentar, som demonstrerte mot regimet,. vart skotne og såra i samanstøytar med demonstrantar som støttar regimet nær universitetet i Sanaa i dag. Innanriksdepartementet avviser meldingar tidlegare i dag om at minst ein av studentane vart drepen.
Siste sakene frå Jemen: www.nrk.no/nyheter/verden/1.6942781
Algerie
Opprørspoliti gjekk laus på demonstrantar som prøvde å arrangere ein marsj i sentrum av hovudstaden Alger. Ein aktivist i opposisjonen er alvorleg såra, opplyser partiet han tilhøyrer.
Kuwait
Opprørspoliti brukte tåregass for å spreie fleire hundre statslause arabarar som for andre dag på rad demonstrerte for å få grunnleggjande rettar i det kuwaitiske samfunnet. Fleire titals demonstrantar vart arresterte.
Djibouti
Styresmaktene i landet har arrestert dei tre viktigate opposisjonsleiarane. Dette skjedde dagen etter store demonstrasjonar i hovudstaden med krav om eit regimeskifte. To menneske vart drepne i uroa.
Irak
Ti menneske vart såra i samanstøytar med kurdiske tryggingsstyrkar i den kurdiske delen av Irak. Demonstrantane var for ein stor del unge menn som kravde slutt på korrupsjonen, og for betre leveforhold for innnbyggjarane i dei kurdiske områda. Minst to menneske vart drepne av tryggingsstyrkane i går.
Siste sakene om Irak: www.nrk.no/nyheter/verden/1.206005
Tunisia
Fleire hundre tusen menneske demonstrerte for ein sekulær (ikkje religiøs) tunisksk stat. Dette skjer etter at ein polsk prest vart drepen i går, samstundes som islamistar gjekk til angrep mot fleire etablissament i eit bordellområde i hovudstaden Tunisia. Det er også meldt om trakassering av jødar.
Siste sakene om Tunisia: www.nrk.no/nyheter/verden/1.6403917
Egypt
Statsministeren lovar å setje fri 222 politiske fangar. Samstundes har hæren gjort det klart at dei kjem til å straffe ein offiser som under demonstrasjonane sist veke gjekk saman med demonstrantane etter først å ha gitt dei våpenet sitt.
Siste sakene om Egypt: www.nrk.no/nyheter/verden/1.7491874
Iran
Styresmaktene har åtvarar om ein storaksjon mot opposisjonelle dersom det blir arrangert nye demonstrasjonar mot regimet. Opposisjonen har planlagt nye demonstrasjnar for å minnest to drepne frå uroen tidlegare denne veka.
Siste sakene om Iran: www.nrk.no/nyheter/verden/1.200436
Saudi Arabia
Menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch har bede styresmaktene i Saudi-Arabia om å setje fri fem aktivistar som vart pågripne då dei varsla at dei ville danne det første offisielle partiet i landet.
Siste sakene om Saudi-Arabia: www.nrk.no/nyheter/verden/1.7351345
Jordan
Ein gjeng som støttar det sitjande regimet gjekk laus på regimekritiske demonstrantar i Amman i går med balltre. Åtte menneske vart såra.
Syria
Fleire hundre deltok i ein protest mot tryggingspolitiet etter at trafikkpolitiet banka opp ein mann i gamlebyen i Damaskus. Dette blir meldt av ei Dubai-basert nettside, men er ikkje stadfesta av andre kjelder.
Siste sakene frå Syria: www.nrk.no/nyheter/verden/1.6931818