22.05.2013

Burmesisk AIDS-klinikk må stengja etter Suu Kyi-visitt

Aung San Suu Kyi (Foto: Khin Maung Win/Ap)

Aung San Suu Kyi trøystar HIV-pasientar på ein privat AIDS-klinikk i Burma. Same dagen fekk klinikken pålegg av militærjuntaen om å leggja ned verksemda si.

Foto: Khin Maung Win/Ap

Burmesiske styresmakter set kroken på døra for ein AIDS-klinikk etter at den onsdag vart besøkt av menneskerettsaktivisten Aung San Suu Kyi.

Aung San Suu Kyi

  • Fødd i Rangoon 19. juni 1945. Dotter av den burmesiske frigjeringshelten Aung San.
  • Har to søner frå ekteskapet med britiske Michael Aris, som døydde i 1999.
  • Levde mange år i eksil, men vendte tilbake til Burma i 1988 og blei leiar i Den nasjonale demokratiligaen (NLD).
  • NLD vann valet i 1990, men militærjuntaen som har styrt landet sidan 1962, nekta å gje frå seg makta.
  • Mottok både Raftoprisen og Sakharovprisen i 1990. Fekk Nobels fredspris året etter, men torde ikkje reise til Oslo for å ta imot han av frykt for at ho ikkje ville sleppe inn att i Burma.
  • Sidan 1989 har ho vore over 15 år i husarrest i heimen sin i Rangoon. Sist gang ho blei sett fri, var i mai 2002, men eitt år seinare blei ho arrestert igjen.
  • Sett fri frå husarrest 13. november 2010.
  • Kjelde: NTB

Den burmesiske Nobelprisvinnaren (1991) og menneskerettsaktivisten Aung San Suu Kyi vart nyleg sleppt fri frå ein sju år lang husarrest i heimlandet.

Ein av dei første plassane ho besøkte etter å ha fått tilbake fridomen sin, var ein AIDS-klinikk i utkanten av den burmesiske hovudstaden Yangon. Ifølgje direktøren for klinikken, Yazar, møtte fleire tusen menneske opp utanfor for å hylla den folkekjære aktivisten.

Same dagen som Suu Kyi avla sin visitt, skal lokale tenestemenn ha kome til klinikken og gjeve ordre om å avvikla verksemda innan ei veke, melder CNN.

– Skuldar på naboklagar

– Me har motteke slike trugsmål frå styresmaktene før, men denne gongen var åtvaringa mykje skarpare og svært alvorsprega, seier direktøren for klinikken som har om lag 80 AIDS-pasientar inne til behandling.

Lokale styresmakter legg naboklagar til grunn for ordren, og seier det ikkje er føremålstenleg å driva eit slikt tiltak i eit travelt bustadområde.

Då Yazar bad om å få sjå klagebreva, blei han nekta dette.

– Me er uroa, fordi styresmaktene har gjeve oss frist fram til den 25. november på å flytta ut av lokala våre, seier direktøren til CNN.

Aung San Suu Kyi (Foto: SUKREE SUKPLANG/Reuters)

Demokratiforkjemparen Aung San Suu Kyi har sete i husarrest i rundt 15 av dei siste 21 åra.

Foto: SUKREE SUKPLANG/Reuters

Pasientane nekta opphaldsløyve

Burmesiske borgarar må søkja om løyve til å busetja seg utanfor området der dei vart fødde. Lokale styresmakter har no gjeve avslag på dei 80 pasientane sine søknader om opphaldsløyve i Dangon, der klinikken held til.

Ordren om å stengja ned behandlingssenteret kjem frå øverste hald i militærjuntaen som styrer landet, seier Yazar til CNN.

Fredag kom tenestemenn frå helsedepartementet til klinikken for å informera om at verksemda må avviklast, og pasientane må overførast til eit statleg styrt AIDS-senter, ifølgje direktøren.

Den private AIDS-klinikken opna i 2002 og har haldt til i dei same lokala dei fem siste åra.

Det burmesiske helsedepartementet har ikkje svart på CNN sine førespurnader om å få ein kommentar i saka.

Fakta om Burma

  • Burma ble uavhengig av Storbritannia i 1948 og valgte å stå utenfor Samveldet. Landet er republikk og har en befolkning på 47 millioner.
  • Burma har vært styrt av en militærjunta siden 1962.
  • 1989 vedtok militærjuntaen å endre landets navn fra Den sosialistiske republikken Burma-unionen, til Myanmar -unionen. Begrunnelsen var at navnet Burma favoriserte majoritetsbefolkningen burmanerne. Opposisjonen nektet å anerkjenne navnebyttet.
  • I 1990 ble det arrangert frie valg for første gang på 30 år, og opposisjonen med Aung San Suu Kyi som frontfigur vant en knusende seier.
  • Generalene valgte å se bort fra valgresultatet og satte opposisjonslederen i husarrest.
  • Aung San Suu Kyi ble tildelt Nobels fredspris i 1991, men kunne ikke komme til Norge for å motta prisen.
  • Hun har senere sittet mer eller mindre i kontinuerlig husarrest. Men juntaen blir stadig mer isolert også innen for den sørøstasiatiske samarbeidsorganisasjonen ASEAN, der landet er medlem.
  • Munkene i Burma har ofte spilt en avgjørende rolle i landets moderne historie. Det var munkene som ledet an i den ikke-voldelige kampen mot britenes kolonistyre. I 1988 spilte munkene hovedrollen i det folkelige opprøret som den gang endte i et blodbad.
  • Omkring 90 prosent av Burmas buddhister tilhører theravadaskolen. Dette er den samme retningen innen buddhismen som dominerer i Thailand, Laos, Sri Lanka og Kambodsja.

Siste utenriksnyheter

Nyheter fra verden