Det er ei spesiell rettssak som går føre seg i Palermo på Sicilia i desse dagar.
Skuldingane mot Mario Mori går ut på at han hadde uoffisielle og indirekte kontaktar med nokre av dei mest illgjetne leiarane i Cosa Nostra, den sicilianske mafiaen, i 1992.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
- Skammeleg knefall
Sjølv seier politigeneralen, som i 1992 var nestsjef i spesialstyrken Carabinieri ROS i Palermo, at ein kvar dialog mellom den italienske staten og mafiaen ville ha vore "eit skammeleg knefall for ein gjeng med gemene drapsmenn".
Mori avviser kategorisk at slike forhandlingar fann stad.
Likevel blir han skulda for å ha operert som ein slags mellommann for staten i samtalar med tidlegare borgarmeister i Palermo, Vito Ciancimino, som på den tida var aktiv i Cosa Nostra.
Ciancimino skal ha hatt nær kontakt med Salvatore "Udyret" Riina og Bernardo "Traktoren" Provenzano, som truleg var ansvarlege for drapet på dommarane Giovanni Falcone og Paolo Borsellino.
Både Riina og Provenzano sonar livstidsdommar i italienske fengsel.
Liste med krav
Vito Ciancimino skal gitt Mori ei liste med krav frå Riina for at Cosa Nostra skulle stanse angrepa sine mot den italienske staten, melder det intalienske nyheitsbyrået ANSA.
Under rettssaka mot Mori har sonen til Vito Ciancimino lagt fram det han hevdar er ein kopi av kravlista som "Slaktaren" Riina gav faren, og som han seinare leverte vidare til Mario Mori.
Mori nektar ikkje for å ha møtt den tidlegare borgarmeisteren i Palermo, men seier at han prøvde å få Ciancimino til å vitne mot Cosa Nostra i ei rettssak.
- Hindra drap
Forhandlingar med Cosa Nostra har skapt ein politisk storm i Italia etter at den fremste anti mafia-statsadvokaten i Italia, Piero Grasso, stadfesta at det verkeleg var slike kontaktar tidleg på 90-talet.
Han seier også at forhandlingane var med på å hindre at politiske toppfigurar vart drepne av mafiaen.
Det skal gjelde samfunnstoppar som tidlegare statsminister Giulio Andreotti og tidlegare justisminister Claudio Martelli.