– Heile tida mens me sat der, gjekk det champagnekorkar i lufta på borda rundt oss. At ei sjampisflaske blei spretta, var eit teikn på at nokon hadde signert kontrakten, fortel kvinna frå Oslo som NRK møter på eit hotell i den populære feriebyen Puerto Rico.
Ho, ektemannen og dei to borna deira har i år lagt ferien til Gran Canaria. Så langt har ferien vore prega av frustrasjon, sinne og stress.
Champagne blei det på dei også. Men lukkerusen gjekk fort over i boblande sinne, då dei same dagen oppfatta timeshare- og ferieklubb-avtalen dei hadde inngått for over 7000 kroner som lureri.
«Oi, Lifestyle Holidays - no igjen»
Familien frå Søndre Nordstrand i Oslo ønskjer ikkje å stå fram med namn i frykt for reaksjonar frå firmaet dei har meldt til politiet for svindel.
Ekteparet er blant dei mange som har teke kontakt og fortalt sine svindel-historiar frå Gran Canaria etter at NRK tysdag omtala politiaksjonen mot det spansk politi meiner er ein større, organisert bande som driv med timeshare-svindel på øya.
- LES OGSÅ: Telefonstorm etter svindel-avsløringer
Dei er letta over å ha fått tilbake pengane sine, men opplevinga har lagt ein kraftig dempar på feriestemninga.
Ekstra ille synest dei det er at politirazzien og massearrestasjonane no kan sjå ut til å bli ein farse på grunn av slett politiarbeid og manglande ransakingsordre.
- LES OGSÅ: Svindelmistenkte løslatt etter razzia
– Lokalt politi veit jo at dei driv med svindel. «Oi, Lifestyle Holidays- no igjen», sa dei til oss då me kom for å rapportera det. Det er ille at dei får halda på slik, og uforståeleg at nokon vil ha som jobb å lura andre, seier ekteparet.
Champagne-taket låst etter razzia
Truleg er norske turistar svindla for 10 millionar kroner av såkalla «ferieklubbar» på Gran Canaria, ifølgjeForbrukar Europa.
Hotellkomplekset Club Puerto Atlántico i Arguineguín skal ha vore hovudbasen til svindlar-banden, som ifølgje Mindtimeshare opererer under ulike firmanamn som blant anna Voyager Travel, Lifestyle Holidays, Reclaimgc, Timeshare Refund Network.
Det var også hit familien NRK møter på Gran Canaria blei lokka av seljarane.
Etter langdryge omvisingar og overtalingsrundar på hotellet bar det opp på på takterrassen «Roofgarden», der seljarane sette inn støtet, fekk turistane til å signera papirene og spretta champagnen.
– Det var heftig aktivitet der oppe, med seljarar som sprang opp og ned trappene med skjema og papirer som skulle signerast. Fleire av seljarane var norske. Ved borda sat masse turistar, dei fleste pensjonistar, som blei påspanderte mat og drikke, fortel ekteparet.
Då NRK oppsøkte takterrassen på Club Puerto Atlántico torsdag ettermiddag, var det korkje aktivitet eller champagne å spora. Døra var låst, og det var ingen seljarar eller turistar å sjå.
Nede på kontora til Voyager og Lifestyle Holidays var det også folketomt. Tilsette på hotellet hevdar at dei ikkje kjenner til personane som har signert kontraktane NRK har fått innsyn i via tipsarar.
(Saka held fram under biletet)
Feriemareritt
– Dette er den verste ferien eg har vore på, seier yngstejenta i Oslo-familien på fire til NRK.
Allereie på dag to blei dei lokka inn i timeshare-fella med skrapelodd på gata. Første gevinst var ei t-skjorte. Som gevinst nummer to blei dei lova ein gratis iPad.
I staden enda dei opp med å signera ein ferieklubb-kontrakt og svi av 940 euro i depositum. Avtalen var likevel null verd før dei hadde betalt inn resten av summen, 3760 euro.
Depositumet betalte dei med kredittkort, og champagneflaska valde dei å ta med seg. Vel heime på sitt eige hotell fekk dei mistanke om ugler i mosen og googla firmanamnet - Lifestyle Holidays. På internett fann dei nemleg den eine åtvaringa etter den andre frå turistar som hadde gått i fella og blitt svindla for femsifra beløp frå det same firmaet.
Dagane etterpå gjekk med til å få annullert kontrakten og krevja pengane tilbake, sitja på lokale politistasjonen og forsikra seg om at pengane kom i retur.
– Me truga med å gå til politiet og å ropa ut at dette er svindel til alle dei andre turistane som var der i salsmøter den dagen. Då blei det fortgang i saka, fortel mannen i familien.
I framtida er familien samd om å halda seg langt unna skrapelodd og andre tilbod som dei måtte få på gata.Champagneflaska står framleis uopna - smaken blir for bitter.