Hopp til innhold

Tøffare sanksjonar mot Nord-Korea

Tryggingsrådet i FN vedtok i dag samrøystes å innføre nye sanksjonar mot Nord-Korea.

Tryggingsrådet i FN i arbeid 12. juni 2009.

Tryggingsrådet vedtok samrøystes nye sanksjonar mot Nord-Korea.

Foto: MIKE SEGAR / REUTERS

Dette skjer etter at kommunistregimet på den nordlege delen av Korea-halvøya gjennomørde ein atomvåpen-test 25. mai i år.

Sansksjonane forbyr Nord-Korea å eksportere våpen, og forbyr også så godt som all eksport til landet.

Amerikansk forslag

Sør-Koreas FN-ambassadør Park In-kook i Tryggingsrådet 12. juni 2009.

Sør-Koreas Fn-ambassadør Park In-kook høyrer på eitt av innlegga om nabolandet Nord-Korea i Tryggingsrådet.

Foto: Mary Altaffer / AP

Både Kina og Russland, som tidlegare har uttrykt seg negativt til nye sanksjonar mot Nord-Korea, røysta for resolusjonen, som var eit forslag frå USA.

Resolusjonen oppmodar FN sine medlemsland til å undersøkje all frakt av varer til og frå Nord-Korea.

Kinas FN-ambassadør Zhang Yesui, seier i ein kommentar at resolusjonen som no er vedteken viser det internasjonale samfunnet sin "kraftige motstand" mot Pyongyang sine atom-ambisjonar.

Krev atom-stans

Han retta ei klar oppmoding til Nord-Korea om å stanse atomprogrammet.

- Vi ber på det sterkaste Nord-Korea om å leve opp til forplikingane landet har til å stanse spreiinga av atomvåpen, og at landet straks vender tilbake til forhandlingsbordet, sa Zhang blant anna.

Nord-Korea har trua med militære mottiltak dersom verdssamfunnet set i verk nye sanksjonar mot landet.

Susan Rice, USAs spesialutsending til Nord-Korea, seier i ein kommentar at dei nye sanksjonane vil bli klart merkbare for landet, og at Pyongyang kan reagere på vedtaket i Tryggingsrådet på ein provokativ måte.

USAs forsvarsminister Robert Gates har tidlegare sagt at det er lite truleg at kommuniststaten vil gjere alvor av desse truslane, men at det ikkje kan utelukkast.

Frå ein tidlegare nordkoreansk rakettutskyting

Nord-Korea har den siste tida også testa fleire rakettar.

Foto: KNS / AFP

LES OGSÅ: Nord-Korea held fram provokasjonane

LES OGSÅ: Nord-Korea viser musklar

SISTE NYTT

Siste nytt