Ingen er heller sikker på kor sterk den prøvesprengte atombomba var. Ja, ingen kan seie heilt sikkert om sprenginga var kjernefysisk. Slik er det. Ingen er sikker på noe som helst når det gjeld Nord-Korea, som lever sitt eige isolerte liv i ei stadig meir globalisert verd.
Og igjen har Pyongyang denne veka fått oss alle på tå hev.
Vil sikre familiearven
Å vende fiendefjeset til har vore ein effektiv metode for Nord-Korea til å skaffe seg mathjelp og bistand. Men alltid slik at det har vore god tid til å trygle landet om å stanse provokasjonen, og kjøpe ro og fred.
Denne gongen blei det ikkje gitt tid for diplomati. Det kan verke som Nord-Korea har fått meir permanente planar og vil etablere seg som atommakt. Og at ikkje noe slags gotteri skal hindre det.
Forklaringa må vere invortes. Kim Jong-il skal ha begynt å telle dagane sine etter slaget i fjor sommar, og vil sikre familiearven. Han skal ha utpeikt den yngste sonen som etterfølgjaren sin, men makt treng støtte også i Nord-Korea.
Teorien er at ei atomprøvesprenging kan demonstrere for generalane og partikadrane at det er familien Kim som kan sikre den militære styrken også i framtida. Slik sett kan det bli fleire prøvesprengingar og rakettoppskytingar i år.
Atommakt innan 2012
Eit tenkeleg mål er å gjøre Nord-Korea til atommakt innan 2012. Det blir ei fin markering av 100 årsdagen for Kim Il Sungs fødsel. Og det vil bety mye militært.
Nord-Korea har i dag ein enorm hær, som nabofolket i sør forestiller seg ein dag skal velte inn over Seoul gjennom hemmelege tunnellar under grensa. Men hæren er dårleg utstyrt og prega av det alminnelege forfallet i nord.
Ein reell atomtrussel blir noe ganske anna og kan sette i gang eit alvorleg våpenkappløp i heile regionen. Både Japan og Taiwan er godt budde med kjernekraftverk og erfarne atomforskarar og kan fort kaste hemningane og ønske å følge etter. Sør-Korea vil sikkert også vere freista, men blir venteleg holdt sterkare tilbake av USA.
Det internasjonale samfunnet kjenner seg etter kvart ganske makteslaus i forhold til Nord-Korea. Verken diplomati eller FN-sanksjonar har greidd å stanse våpenprogrammet eller hindre landet i å gjøre gode pengar på å selje kunnskap og teknologi til einkvar villig kjøpar.
Kina som nøkkelspelar
Som ein uskikkeleg unge har Nord-Korea sleppt unna, og har kanskje rekna med å gjøre det igjen. Spørsmålet er om det denne gongen har rekna feil.
Prøvesprenginga denne veka skjedde bare noen mil frå den kinesiske grensa, og ristinga var skremmande nok til at skolar blei evakuerte i redsel for eit nytt jordskjelv.
Denne grensa er Nord-Koreas viktigaste port til verda, og Kina er Nord-Koreas mest trufaste venn, tidvis også den einaste. Kina leverer alt - mat og brennstoff, elektronikk og kosmetikk.
Made in China er absolutt sant i Nord-Korea. Den kinesiske eksporten tilsvara 14 milliardar kroner i fjor. I praksis var det bistand, fordi Nord-Korea ikkje kan betale for seg. Så avhengig er landet av Kina. Ein plutseleg stans i denne eksporten kan få heile landet til å bryte saman. Slik er Kina nå nøkkelspelaren.
Må velje mellom to vonde
Kina vil ha ro i nærområdet sitt og har vore lite glad i utsiktene til å få ein millionstraum av svoltne flyktningar over grensa. Men utsiktene til ein ny atomspenning i nabolaget kan fort bli verre. Og tvinge Beijing til å velje mellom to vonde.
Militære løysingar er sjeldan svaret på konflikt. Diplomatiet lever heldigvis, trass i latterleggjøring og manglande resultat. I går meldte Nedrustingskonferansen i Geneve at den nå er klar for å sette i gang forhandlingane sine igjen, etter meir enn ti års stillstand.
Til og med Nord-Korea stemte for.