Hopp til innhold

Langt fleire barn rusmisbrukarar med barn enn tidlegare kjend

Høgre vil at regjeringa no må ta ansvar for å få ned tala.

Ifølgje ei ny kartlegging er det no rundt 1000 tunge rusmisbrukarar i Noreg med foreldreansvar.

KLIKK FOR VIDEO: Ei ny kartlegging vise at det har vore store mørketal når det gjeld barn av timge rusmisbrukarar.

Det er langt fleire innbyggjarar i Noreg med eit rusrelatert problem enn det som før har vore kjend frå kommunane og velferdstenestane. Ikkje minst gjeld dette rusmisbrukarara med barn.

Ifølgje ei ny kartlegging er det no rundt 1000 tunge rusmisbrukarar i Noreg med foreldreansvar.

Kartlegginga er gjort av Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforskning, som høyrer til Stavanger Universitetssjukehus. Basert på omfattande kartlegging i 49 norske kommunar har dei kome fram til det høge talet.

Store mørketal

Ifølgje undersøkinga har nesten ein av tre av rusmisbrukarane eigne barn. Blant dei tunge rusmisbrukarane utgjer dette altså rundt 1000.

Kor mange barn dette gjeld, veit ingen.

Denne kartlegginga har ført til at barnevernet i dei kommunane som har gjennomført opplegget, fangar opp langt fleire barn av rusmisbrukarar enn tidlegare.

Dei fleste rusmisbrukarane har vakse opp i heimar med rus. Difor ønskjer no Høgre at staten skal finansiere ein nasjonal undersøking. Målet er at barnevernet skal fange opp borna.

Bent Høie

Bent Høie i Høgre meiner regjeringa no må ta ansvar for å styrke barnevernet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Eg trur staten er nødt til å ta ansvar og bidra økonomisk til at alle kommunane gjennomfører dette opplegget, slik at desse borna slepp å vekse opp med foreldre som rusar seg veldig kraftig utan at barnevernet har oppdaga det, seier helsepolitisk talsmann i Høgre, Bent Høie.

Vil ikkje betale aleine

Men regjeringa ønskjer ikkje å ta rekninga aleine, og vil at kommunane skal vere med å bidra. Spørsmålet er om barnevernet har kapasitet til å ta unna dei nye tilfella.

– Barnevernet kan alltid bli betre, både fagleg sett og i høve til kapasitet. Og det jobbar me med kontinuerleg, seier Kjell Erik Øie som er statssekretær for Ap i Helse- og omsorgsdepartementet.

Anne Lindboe

Nyinnsatt barneombod Anne Lindboe vil styrke helsesøstertilbodet.

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

Barneombod Anne Lindboe seier at det svært viktig at desse borna no vert fanga opp så tidleg som mogleg.

– Det er mange måter å gjere det på. Ein ting er å byggje ut helsesøstertenesta, slik at dei kan kome på heimebesøk og fange opp familiane me ikkje veit om. Og så er det å sørgje for at barnevernet har nok ressursar til å følgje opp familiar med rus tett i lengre tid.

– Kva vil dykk gjere konkret med dette?

– Me vil presse på for å auke ressursar til helsesøstertilbodet. For me meiner det er utruleg viktig for å fange opp risikotilfella tidleg.

AKTUELT NÅ