Hopp til innhold

Håpar å selje fleire «app-bøker» enn papirbøker

Gyldendal og fleire andre aktørar statsar tungt på interaktive barnebøker. I år er målet å selje fleire sokalla app-bøker enn biletbøker til born.

Appbok

Borna i familen Zahid utforskar app-boka.

Foto: Tom Arne Søyland / NRK

I fjor selde Gyldendal kring 50.000 biletbøker for born. Dei selde også nesten like mange app-bøker.

I år siktar dei enno høgare, og målet er at app-bok-salet skal overgå papirboksalet.

Men forlagsdirektør i Gyldendal, Einar Ibenholdt, trur ikkje den tradisjonelle barneboka er truga.

– Vår erfaring er at boka klarar seg godt i konkurransen med det digitale. Har me bøkene i begge formater, ja då aukar boksalet også, seier han.

Interaktiv lesing

appbok

Einar Ibenhold, forlagsdirektør i Gyldendal.

Foto: Tom Arne Søyland / NRK

Forskjellen på ei app-bok og ei vanleg bok er at app-boka er interaktiv, den har lyd og varierande grad av animasjon, fortel Ibenholdt.

– Det er eit veldig morosamt medium, som passar veldig godt for born, seier han.

Kva meinar du om å introdusere små born for skjerm i så ung alder?

– Det er ikkje uproblematisk, men born veks opp i ei digital verd, og det er kome for å bli. Me er opptekne av å levere best mogleg innhald, seier han.

Vel app-boka

Familien Zahid har teke i bruk app-bøkene og er nøgde med det.

– Det er meir aktivt enn at dei set passivt og høyrer på at nokon les eller les sjølve, seier far Wasim Zahid.

Sjølv om familien ikkje har tenkt å kaste papirbøkene sine på dynga, er borna i familien klåre på kva dei føretrekk: App-boka.

(Saka held fram)

zahid appbøker

Familien Zahid: Yousuf (9), Mikail (7), Ayla (5), Rafael (3), Iram (mor), Wasim (far).

Foto: Tom Arne Søyland / NRK

– Egnar seg godt

Jon Ewo

Forfattar Jow Ewo.

Foto: Tom Arne Søyland / NRK

Barne- og ungdomsbokforfattar Jon Ewo har skreve over 80 bøker for unge lesarar, og er positiv til den nye publiserings-plattforma.

– Mange av bøkene mine har mange lydar i seg, så det hadde vore moro å høyrt det lydsporet, seier han.

Men om ein er oppteken av kva type bok som er best for born si leseforståing, er det ting som tyder på at ein må tenkje seg om før ein vel vekk papirboka.

Fleier forskarar meiner at det er grunn til å tru at å lese på skjerm gir ei grunnare leseoppleving enn om ein les på papir.

Leseforskar Anne Mangensom skriv i ein artikkel i Bibliotekforum, at det må meir forskning til for å finne ut kva overgangen frå papir til skjerm gjer med korleis me les.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger