Hopp til innhold

Dette er dei vakraste vegane i landet

Det er no 18 nasjonale turistvegar i Noreg. Interessa for desse vegane er sterkt aukande, seier prosjektleiar Per Ritzler.

Svenske Per Ritzler var i mange år korrespondent for Sveriges Radio i Oslo. No er det dei nasjonale turistvegane i Noreg den tidlegare journalisten brukar tida si på .

Seks strekningar heilt ferdige

Video Journalist Per Ritzler om Carl Gustaf-intervjuet

Per Ritzler er fungerande prosjektleiar for dei nasjonale turistvegane her i landet.

Foto: Nyhetsspiller

- Vi har no 18 vegstrekningar som er merkte med symbolet til Nasjonale turistvegar, www.vegvesen.no/Vegprosjekter/Om+vegprosjekter/Turistveger.

Seks av dei er heilt ferdige, medan resten etter planen skal fulsltendig ferdigstillast innan 2020, seier Per Ritzler til NRK.no.

Ritzler fortel at turistvegåret 2012 vart innleidd med opninga av anlegget på Trollstigen i Møre og Romsdal 16. juni, etter ein anleggsperiode på åtte år. Dette markerte også opninga av alle dei 18 turistvegane.

Denne helga har det vore opning av turistvegane på Andøya og Senja .

LES OGSÅ: Et sterkt gjensyn med Trollstigen

LES OGSÅ: Turistveg meter for meter

Spennande arkitektur

Veka etter vart opninga av Trollstigen var det stor festivitas for den nye Nasjonal turistveg Havøysund i Finnmark. Her finn ein blant anna den heilt spesielle rasteplassen Selvika, som er ei spennande arkitektonisk løysing. Arkitekten bak denne rasteplassen er Reiulf Ramstad Arkitekter.

Selvika

Den heilt spesielle rasteplassen i Selvika på Turistveeg Havøysund.

Foto: Reiulf Ramstad Arkitekter RRA / Reiulf Ramstad Arkitekter RRA

Per Ritzler fortel at det har vore svært interessant å samarbeide med arkitektane i prosessen med å utforme rasteplassar og utsiktsplassar på turistvegane. Han rosar dei for å ha funne gode løysingar baserte på lokal historie.

LES OGSÅ: - Ver edru - hald fartsgrensa og bruk bilbelte

LES OGSÅ: Slik held du deg oppdatert om ferietrafikken

LES OGSÅ: 130 webkamera viser trafikken over heile landet

Lokalsamfunna deltek

Han er glad for at lokalsamfunna rundt om i landet har slått ring rundt turistvegane, og dei brukar vegane i marknadsføringa av sine distrikt. Markeringa av turistvegane på Andøya og Senja laurdag er eit resultat av lokale initiativ, seier han.

Dei seks strekningane som er heilt ferdige er Lofoten, Rondane, Gamle Strynefjellsveg, Helgelandskysten, Hardanger og Sognefjellet.

Dei 12 som ikkje er heilt ferdige er likevel merkte med symbolet til dei nasjonale turistvegane, sjølv om det står att ein del arbeid.

Populært med sykkel

Ritzler fortel at det ikkje berre er bilistar som nyttar dei nasjonale turistvegane. Vegstrekningane opplever også ei stadig aukande interesse for syklistar, og dei mest populære rutene har hittil vore Sognefjellet, Lofoten, Helgelandskysten, Rondane og Jæren.

Interesas for å bruke sykkel på dei nasjonale turistvegane er aukande. Her frå Lofoten.

Stadig fleire brukar sykkel på dei nasjonale turistvegane. Her frå Flakstadhalvøya i Lofoten.

Foto: Steinar Skaar (ss), Turistveg / Steinar Skaar (ss), Turistveg

Men interessa for å bruke sykkel er merkbar på alle dei nasjonale turistvegane, fortel han.

I september skal det markerast at turistvegane Valdresflye og Aurlandsfjellet har opna. Dette skjer ved avduking av kunstverk. 7. september skal kunstverket «Hiet» av Mark Dion avdekukast på vegen over fjellet mellom Lærdal og Aurland

21. september er det klart for avduking av installasjonen «Rock upon Rock» på Valdresflye.

Utstilling om utstikt

Ritzler minner i denne samanhengen om ei utstilling som går på Nasjonalmuseet i Oslo denne sommaren, «Utsikter gjennom 300 år». Han fortel at Nasjonale turistveger samarbeider med museet om denne utstillinga, og han rår alle som er interesserte i spektakulære vegar og utsikter til å få med seg denne.

www.nasjonalmuseet.no/

LES OGSÅ: - Endelig har Atlanterhavsvegen blitt nasjonal turistveg

AKTUELT NÅ