Hopp til innhold

Skulda for å overvake sine tilsette

Teletopia-sjef Robert Hercz blir skulda for detaljert og omfattande overvaking av sine tilsette. Telegründeren meiner skuldingane er ein svertekampanje.

Overvåkingskamera

KRITIKKVERDIG: Også i arbeidstida vart delar av lokala til bedrifta overvaka.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Datatilsynet har utarbeidd ein førebels rapport, der det kjem fram at Robert Hercz og selskapet hans Teletopia bryt ei rekkje punkt i personopplysningslova.

Ove Skåra, ny informasjonssjef i Datatilsynet.

DATATILSYNET: Informasjondirektør Ove Skåra seier pålegg om endringar og bot kan bli aktuelt.

Foto: Berit Roald / Scanpix

– Me ser her ein detaljert og omfattande overvaking av dei tilsette, seier informasjonsdirektør Ove Skåra i Datatilsynet til Dagens Næringsliv.

Datatilsynet var på umeldt tilsyn hos Teletopia i fjor haust for etterkontroll av eit tidlegare tilsyn.

– Det ser ut til at nærast alt det teknologien tillet av registrering, overvåkning og kontroll er teke i bruk, seier Skåra.

– Ubegrunna kritikk

Eigar og toppsjef i selskapet, Robert Hercz, avviser kritikken.

– Rapporten inneheld faktiske feil og kritikken mot meg er ubegrunna. At me driv med overvaking er fullstendig basert på røvarhistorier fortalt av ein tidlegare tilsett som er ute etter å sverte meg og selskapet. Eg går ut frå at den endelege rapporten vil vise noko heilt anna, seier Hercz.

Tek opp samtaler

Ifølgje tilsynets rapport tek Hercz opp alle telefonsamtalar han deltek i, og at han også tek opp dei fleste interne og eksterne møter. Hercz avviser påstandane som usanne.

Overvåkning

ELEKTRONISKE SPOR: Tilsette sin e-post som ikkje vart sletta var tilgjengeleg for alle i bedrifta, seier ein førebels rapport.

Foto: Manipulasjon (Orginalfoto: Scanpix)

Dei tilsette sine e-postar blir lagra og gjort tilgjengelege for alle i bedrifta. Hercz seier at tilsette som sluttar skal slette e-postar som ikkje skal gjerast tilgjengelege når dei forlet bedrifta.

Delar av bedrifta sine lokale blir overvaka også i arbeidstida. Hercz seier han ikkje visste om desse innstillingane, men at han tek ansvar for dette.

Hercz innrømmer også at han tidvis tek opp telefonsamtalar utan å informere om det, fordi han har hatt bruk for det i samband med enkelte rettstvistar.

Alvorleg

– Det er på inga måte kvardagskost at me finn så omfattande kontroll og overvaking i eit selskap. Me har funne mange forhold som for seg sjølve er ganske alvorlege og grove, seier Ove Skåra i Datatilsynet.

Han understrekar at Datatilsynet sin rapport om Teletopia er førebels.

AKTUELT NÅ