Hopp til innhold

– Ekstrem Hooligan-kultur i Egypt

– Fotballvalden er ikkje politisk motivert, seier norsk Egypt-ekspert, og viser til at Egypt har ei mørk fotballhistorie bak seg.

Mideast Egypt

Minst 73 er drepne i brutale opptøyar i Port Said i Egypt onsdag.

Foto: STR / Ap

Det er velkjend at tilhengjarane til Al-Masry og den mest populære klubben i Egypt, al-Ahly, er bitre fiendar. Likevel kom nok massakren i kveld som eit sjokk på dei fleste.

Det vart fort spekulert på sosiale media om det var ein politisk motivasjon bak massakren. Men førebels er det lite som tyder på dette, meiner den norske Egypt-eksperten Jacob Høigilt.

IKKE BRUK - Jacob Høigilt

Egypt-ekspert Jacob Høigilt ved FAFO trur ikkje det ligg noko politisk bak valden.

Foto: FAFO

– Det er ingen indikasjonar på at det ligg noko politisk bak dette, seier Høigilt til NRK.no.

Høigilt viser til at det har vore mange alvorlege fotballepisodar i Egypt dei siste åra, og at dette har blitt verre etter den arabiske våren i fjor.

– Egyptarar er kjende for å vere svært glade i fotball. Førebels ser dette ut som eit resultat av ein ekstrem hooligan-kultur.

Avisa The Telegraph rapporterer at det har vore auka vald under fotballkampar i Nord-Afrika det siste året, grunna den politiske uroa i regionen.

I fjor vart ein svært viktig landskamp mellom Egypt og Sør-Afrika flytta til ein militærstadion i Kairo grunna utrygge forhold. Kampen skulle bli spelt på hovudstadioen i landet, men vart flytta til militærstadionet som hadde mykje mindre publikumskapasitet.

Enno verre var det i 2009, då ein fotballkamp mellom Egypt og Algerie hamna på diplomatisk nivå.

Egypt trakk ambassadøren sin ut frå Algerie etter skuldningar om at tilhengjarar i Algerie hadde angripe egyptiske tilhengjarar. Algerisk media hevda på si side at det var egyptarane som hadde oppført seg verst.

Berre for nokre dagar sidan utsette det egyptiske tryggingsstyrkar Kairo-derbyet mellom al-Ahly og Zamalek grunna fare for tryggleiken. Kampen vart utsett til 8. februa, melder Ahram Online.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger