Grete Faremo tek over jobben etter at justisministeren varsla at han ville trekkje seg i dag. Det skjer dagen etter at han gjorde greie for 22. juli i Stortinget.
LES:
Storberget har vore justisminister sidan 2005. Denne hausten har han fått masse kritikk frå opposisjonen, både på grunn av det høge talet på overfallsvaldtekter i Oslo og for korleis Noreg takla terroren 22. juli.
LES:
– Det vil bli spekulasjonar
Sidan Grete Faremo blir ny justisminister, tek Espen Barth Eide, som har vore statssekretær i Utanriksdepartementet, over som forsvarsminister.
– Grunngjevinga er at Storberget har hatt eit ønskje om dette i lang tid og at det er av omsyn til familien. Det er ein knallhard jobb å stå i i seks år. Storberget hadde også ei tøff periode med ei lang sjukemelding, seier politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam.
– Det vil sjølvsagt bli spekulasjonar om kor vidt dette er den reelle grunnen til avgangen eller om det er av politisk press. Men utifrå den kunnskapen vi har ville Stoltenberg at Storberget skulle sitte lenger i jobben, seier Takvam.
Dette har det vore kritikk rundt
Storberget har fått kritikk for fleire saker tidlegare.
- Terroren 22. juli: Ressursbruk, tidsbruken til politiet, sikring og beredskap
- Dobling av talet overfallsvaldtekter i Oslo i 2011
- Politiressursar og fengselkøer
- Politiorganisasjonar har aksjonert fleire gongar for høgre løn
- Hijabsaka, der eit forslag om at politiet kunne bere hijab vart lagt ut på nett før det var vedtatt
- Fem drap på éin månad i Oslo
Professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, Frank Aarebrot, er overraska over at Storberget trekk seg, så kort tid etter at han forklarte om 22. juli i Stortinget.
– Eg hadde kanskje venta at han ville gå av snart, men ikkje på dette tidspunktet. Og ikkje på grunn av det han har gjort som statsråd, men på grunn av stressnivået i jobben, seier Aarebrot til NRK.no.
LES OGSÅ:
– Politisk ettermæle prega av 22. juli
Han trur det politiske ettermælet til Knut Storberget i stor grad vil bli prega av kva som kjem fram i 22. juli-kommisjonen.
– Han har vore ute for mange stormar i si tid som justisminister, seier sjefsredaktør i Dagsavisen, Arne Strand, og framhevar kampen med politiorganisasjonane, samt hijab-saka frå 2009.
Han er einig med Aarebrot i at 22. juli-kommisjonen sin rapport vil bli heilt avgjerande for kva inntrykk vi vil sitte att med av Storberget som justisminister.
Har egla på seg politiet
– Storberget har vore ein aktiv person i politikken og svært synleg som justisminister. På grunn av det har han egla på seg ein del folk, seier Aarebrot.
Han trekk fram politiorganisasjonane, med Arne Johannessen i spissen, som ein formidabel motstandar.
– Det har verka som dei to har hatt to ulike forståingar av røynda. Det har vore mykje konflikt med politiet - om løn, kor synlege dei er i gatene og samfunnssikkerheita, seier han.
Leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen, meiner Storberget har fått ufortent mykje kritikk.
–Det seier eg trass i at eg i mange samanhengar sjølv har kritisert han. Samtidig meiner eg at ingen justisminister i norsk historie har gjort meir for norsk politi, seier han til Dagbladet.
Fekk kritikk for overfallsvaldtekter
Fleire kommentatorar har den siste tida bede Storberget gå av - etter kritikk for doblinga av overfallsvaldtekter i Oslo og dårleg beredskap den 22. juli.
Aarebrot meiner kritikken rundt overfallsvaldtektene i Oslo har meir å gjere med politiet enn med justisministeren.
– Problemet hans er måten budsjettet er blitt prioritert på. Men for justisministeren er det vanskeleg å gjere noko med vakt- og patruljelistene til politiet, seier Frank Aarebrot.