Hopp til innhold

Smir medan gullprisen er høg

Umoderne gullsmykke, øyrepynt som manglar make, eller gamle gulltenner. Det ligg mykje ubrukt gull i norske heimar. Med rekordhøg pris er det mange som no vel å kvitta seg med det edle metallet.

Christian Mykland får betalt etter gullhandelel

Gifteklare Christian Mykland sel velvillig gammalt arvegods for å få råd til ein ekstra fin giftering.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Prisen på gull er rekordhøg

Christian Mykland håpar på ein god pris for mormor sitt gamle gullarmband og ringar.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

– Dette er arvegods frå bestemor, som eg har fått i gåve av mi mor, seier Christian Mykland (27) og fiskar fram to skinande, men slitte ringar og eit gullarmband frå ein liten plastpose i bukselomma si.

No vil han smi medan gullprisen er høg, og freista å selja gullet som likevel berre samlar støv i heimen.

Rekordpris på gull

I midten av juli skaut prisen på gull til vêrs og passerte 1600 dollar pers unse. Det er ny rekord og dobbelt så høg pris som for to år sidan.

Det svarar til om lag 280 kroner per gram for 24 karats gull. Seljaren får litt mindre, ettersom forhandlaran også skal tena pengar på handelen. Det kan likevel vera tusenlappar å henta for gammalt, nedstøva gull.

Mykland er nestemann i køen inn til forhandlaren Gullbrev, som torsdag tok imot gull til taksering og kjøp på eit hotell i Oslo.

Han er klar over at prisen på det edle metallet er eksepsjonelt god for tida, men har også ein annan grunn til at han vil kvitta seg med arvegodset no.

– Eg skal gifta meg neste sommar og vonar at gullsalet kan bidra til å finansiera ein ny giftering, smiler den kommande brudgommen.

Christian Mykland hjå gullforhandlar

Christian Mykland følgjer spent med på gulltaksøren si vurdering av arvegodset.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Ikkje gull alt som glirer

Som alle dei andre i køen er Mykland spent på kva han kan få for ringane og armbandet som snart kan gjera nytta på seg på anna vis . Det skal den nyutdanna gulltaksøren Nora Marie Ask gje han svaret på.

Ho tekk imot den skinande pynten, hentar fram eit magnetstykke og stryk dette over den skinande overflata.

– Det bestod iallefall første testen, konstaterer Ask.

Ho forklarer at gull ikkje er magnetisk, i motsetnad til mange andre metall.

– Mange kjem hit med gjenstandar som dei trur er gull, men som blir hengande fast i magneten. Dei blir jo litt skuffa, særleg viss stempelet påstår at det er ekte, seier Ask.

Mindre nostalgiske enn før

Gulltaksøren fiskar så fram eit rundt forstørringsglas på storleik med ein fingerbøl og knip saman auga medan ho held den eine ringen opp framfor seg. Nummeret «585» kan skimtast i den slitte innsida, noko som skal tyda at ringen er laga av 14 karats gull.

– Dei fleste av dei som kjem hit og vil selja gullet sitt har fått med seg at prisen er god. Nokon treng ekstra pengar, men generelt har folk ei meir moderne haldning no enn før til det å kvitta seg med gammalt arvegods, fortel Ask.

Mykland nikkar. Han er av den «moderne typen» og tykkjer ikkje det er vemodig å gjera seg av med gullringane som ein gong pryda fingrane til bestemora.

– Dei berre låg der i smykkeskrinet og vart ikkje brukte likevel, så særleg trist er det eigentleg ikkje.

Nora Marie Ask er gulltaksør

Gulltaksør Nora Marie Ask sjekkar om arvegodset til Christian Mykland er ekte saker.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

– Får mange gulltenner

Gullet som forhandlaren kjøper, vert sendt til eit raffineri på Hamar, som deretter smeltar det ned og støyper det om.

– Somme finn ein ekstra tryggleik i at ingen framande kjem til å gå med bestemor sin ring, men at den blir attvunne og kjem tilbake på marknaden i ein ny form, seier Ask i Gullbrev.

Bestemor sine gullringar, lommeur og store lenkjer som ikkje lenger er moteriktige. Mange personlege eigedelar får ein ny lagnad hjå gullforhandlaren - inkludert tenner.

– ja, tanngull er det faktisk ganske vanleg at me får inn. Det var nettopp ein mann her i stad som fekk med seg rundt 400 kroner for eit par 14 karats gullfyllingar, seier Ask og legg spøkefullt til:

– Han hadde heldigvis vaska dei før han kom hit.

Gulltenner på vektskåla

Mange sel gulltennene sine til gullforhandlarane no når prisen er høg.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Karat-test med «Kongevatn»

Mykland sitt arvegods er klart for siste test. Ved hjelp av ein spesiell «Arkansas-stein» og såkalla Kongevatn (salpetersyre og saltsyre), skal gulltaksør Ask finna ut om armbandet og ringane verkeleg er av 14 karats gull, slik stemplinga hevdar.

Karat-testing av gull

Karat-testing av gull ved hjelp av 'Kongevatn'.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Gullet vert gnikka mot steinen, og kongevatn av ulik styrke pensla over steinen i tynne striper. Etter fleire rundar med pensling kan eksperten slå fast at det ikkje var jugl ho hadde fjonga seg med, bestemora til Mykland.

Det edle metallet klirrar i det det hamnar i vektskåla. 19 gram viser det digitale displayet. Gramprisen for 14 karats gull er i dag på om lag hundre kroner. Dermed er taksten klar: 2000 kroner kan Mykland få til finansiering av ny giftering.

– Hmm..eg kjenner meg litt snytt sidan dei i reklamen lokkar med grampris for 24 karats gull. Men det er sikkert ein grei pris. Joda, eg er nøgd eg, seier Mykland.

Med bestemor sitt gull liggjande att på vekta og tusenlappane trygt i lomma, er vestlendingen på veg ut i Oslos gater igjen, klar for å jakta på gifteringen.

AKTUELT NÅ