23.02.2012

- Danmark eit sorteringssamfunn

Knut Arild Hareide (Foto: Morten Holm/Scanpix)

KrF-leiar Knut Arild Hareide fryktar ei utvikling mot eit sorteringssamfunn.

Foto: Morten Holm/Scanpix

Danmark er eit sorteringssamfunn, seier KrF-leiar Knut Arild Hareide. Han siktar til at talet på born fødde med Downs syndrom har gått kraftig ned i Danmark dei siste åra.

Danske kvinner vel stadig oftare å fjerne foster med Downs syndrom. Sidan Danmark i 2004 starta screening av alle foster er det fødd 13 prosent færre born med Downs kvart år.

Sorteringssamfunn

- Dersom danske kvinner held fram med å fjerne foster i like stort omfang i åra som kjem, vil det siste danske barnet med Downs kome til verda i 2030, skriv den danske avisa Berlingske i dag.

KrF-leiar Knut Arild Hareide vil ikkje ha denne utviklinga i Noreg..

- Det er viktig at vi ikkje gjer dei same feila som Danmark har gjort. Resultatet av full screening blir eit sorteringssamfunn der det ikkje er plass til born med Downs syndrom, seier han,

- Spørsmålet er, kvar skal vi setje grensa for sorteringa? I Danmark blir foster med ryggmargsbrokk sorterte bort, og det er ei utvikling KrF ikkje vil ha. Vi vil ha eit samfunn der det er plass til alle, uavnhengig av korleis vi er fødde og kva evner vi har, held KrF-leiaren fram.

- Vi kan ikkje kjempe mot den medisinske utviklinga, men vi er uroa over haldningane som ligg bak tala i Danmark, seier Lars Erik Brustad i Norsk nettverk for Downs syndrom .

LES OGSÅ: Rekordmange tar ultralyd tidlig

- Lite og dårleg informasjon

I 2004 vart det fødd 61 born med Downs i Danmark. Året etter var talet halvert. I snitt har 13 prosent færre born med Downs bliltt fødde kvart år dei siste seks åra.

Den danske Lændsforæringen Downs syndrom seier dei har forståing for at fleire foreldre vel bort born med dette syndromet. Men leiar for organisasjonen, Grete Falt-Hansen, meiner likevel at vala blir tekne på bakgrunn av svært lite og dårleg informasjon om kva Downs syndrom er.

Dette er Downs syndrom

  • Downs syndrom er ei form for medfødd psykisk utviklingshemming.
  • Tilstanden skuldast at kromosom nr. 21 er i tredobbel utgåve, slik at pasientane 47 kromosomar i staden for 46 som normalt.
  • I snitt opptrer Downs ved ein av 700 fødslar.
  • Ved god stimulering og støttehjelp i skule og barnehage, utviklar born med Downs seg bra når det gjeld sosial fungering og praktiske evner.
  • Dei fleste lærer å lese og skrive.
  • Downs syndrom er oppkalla etter engelske John Langdom Down (18128-96). (Kjelde: Store norske leksikon)
Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.

Innenriks

NRK Butikken

Neste sending: Dagsnytt

Dagsnytt med værmelding

NRK P2, torsdag 23.2. kl. 0.00 | Legg i kalender[?]

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/dagsnytt.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: nyheter@nrk.no

NRK Nyheter, 0340 Oslo

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.