Skaalmo fekk prisen for reportasjen «Under radaren». Prisen vart delt ut på Skup-konferansen i Tønsberg i kveld.
Samstundes fekk Aftenposten si avsløring av vassverkskandalen på Romerike prisen for beste sak dei siste 20 åra. Det var Siri Gedde-Dahl, Anne Hafstad og Alf Endre Magnusson som stolt tok imot prisen for tidenes Skup.
Skup-diplomane gjekk til NRK Brennpunkt, Bergens Tidende, TV 2 og VG.
NRK Brennpunkt og Astrid Thunold fekk prisen for reportasjen «Ingens barn».
SJÅ REPORTASJEN:
LES ARTIKKELEN:
LES OGSÅ:
Helge O. Svela og Christian Lura frå Bergens Tidende fekk diplom for prosjektet «Faktasjekk.no». - Vi må få takke den samla norske politikarstand og rådgjevarane deira, sa dei to prisvinnarane.
Cathrine Fossum i TV 2 fekk diplom for reportasjen «Pastorens hemmelighet».
Det fjerde Skup-diplomet gjekk til Nilas Johnsen, Kim Riseth og Moren S. Hopperstad i VG for avsløringane av «Kongofangenes hemmelige sikkerhetsselskap».
Skup-juryen gav også spesiell heider til Kjersti Knudssøn og Synnøve Bakke i NRK for arbeidet med Trafigura-saka. Dei fekk Skup-prisen for denne saka i gjor, og dei fekk også ein pris for «Kvikksølvjentene» i 2005, melder
.