Internasjonal Reporter sin utanrikspris er på 15.000 kroner, og vart delt ut under banketten på SKUP-konferansen laurdag kveld. Duoen fekk prisen for dokumentar-serien
, som handlar om produksjon av mobiltelefonar i utviklingsland.Juryen seier i si grunngjeving at "Connecting People" er eit imponerande journalistisk arbeid som beveger seg frå mikroplan til makroplan.
- Det er vanskeleg å sjå på ein mobiltelefon utan å tenkje på fleire tusen arbeidarar som lever under groteske forhold, heiter det vidare.
"Alle" har ein mobiltelefon. Vi er blitt avhengige av mobilane.
- Men medaljen har ei bakside som vi no er blitt vist. Det er ikkje eit vakkert bilde, fortel tv-journalistane Inger Sunde og Harald Eraker.
SJÅ SERIEN I NETT-TV HER:
- Del 1:
- Del 2:
- Del 3:
- På tide å sjå utover grensene
Serien "Connecting people" gjekk på FBI i haust. Forbrukerinspektørene følgde ein mobiltelefon fra fødsel til grav. Frå Kongo via Kina til Norge, og deretter tilbake til Kina igjen, til eit enormt elektronisk avfallsberg som er i ferd med å bli heile verdas søppeldynge.
"Connecting people" er mobilgiganten Nokia sitt internasjonale slagord. Det henspeglar på ein fantastisk teknologi som knyt menneske saman verda over. I NRK-serien blir det same mottoet brukt med ein heilt annan innfallsvinkel. Her handlar det mellom anna om blod, tårer og gift.
- Eg opplever at dette er viktig forbrukerjournalstikk, som går utover landegrensene. I forbrukarjournalstikken trur eg at det er på tide at vi ser utover grensene og ser den store sammenhengen. Dei fleste produkta vi bruker har ei global tilknyting, så vi er nødd til å forholde oss til røyndomen til alle ledda i produksjonen av våre luksusprodukt, seier FBI-reporter Inger Sunde.
Første til å få pris
Det var 30 bidrag som konkurrerte om prisen til Internasjonal Reporter, som vart delt ut for første gong på årets SKUP-konferanse.
Desse var med i juryen: Tidlegare NRK-journalist Bjørn Hansen, forskar, journalist og forfattar Elisabeth Eide, Aftenposten-kommentator Per Kristian Haugen og høgskulelektor Nazneen Khan-Østrem.
Kristoffer Rønneberg i IR seier at det var veldig mange gode bidrag, og kvaliteten var gjennomgåande svært høg, melder
.- Då eg leste kriteria for prisen, følte eg at det er akkurat dette vi har gjort. Så må andre vurdere om det er bra, meiner Inger Sunde i FBI.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: