Hopp til innhold

Får «Grubbegata-kjensle» av manglande tryggingstiltak

Styresmaktene lova tryggingstiltak på rekordtid etter den massive kritikken av manglande sikring i regjeringskvartalet. Halvanna år etter 22. juli har lite skjedd, meiner urolege departementstilsette.

R4 i Grubbegata like etter smellet

Slik såg det ut utanfor R4 i Grubbegata like etter bombeeksplosjonen. Det er gjort altfor lite for å sikra tryggleiken i regjeringskvartalet etter 22. juli, meiner mange departementtilsette.

Foto: Espen Naumann

Curt A. Lier

Curt A. Lier er president i Juristforbundet og styremedlem i Akademikerne, som representerer mange av dei tilsette i departementa

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Dei tilsette i departementa som ligg ei klyngje i regjeringskvartalet i Oslo sentrum er frustrerte over at tryggingstiltaka som skulle raskt på plass etter terroråtaket har blitt hengande fast i ein byråkratisk flaskehals.

Juristforbundet er eitt av dei største forbunda som representerer tilsette i departementa. President Curt A. Lier seier dei stadig får inn klager over forseinkingar og mangel på tiltak.

Han viser blant anna til at vindauga til Arbeidsdepartementet framleis ikkje er sikra.

Dei tilsette seier dei får ei «Grubbegata-kjensle», fortel Lier.

– Ny byråkratisk floke

Politidirektoratet tilrådde allereie i 2004 at gata som går gjennom regjeringskvartalet burde stengjast for trafikk for å auka tryggleiken, men handsaminga i byråkratiet tok sju år.

Den 22. juli 2011 var det difor ingen fysiske sperringar som hindra 22. juli-terroristen i å køyra den store varebilen rigga med sprengstoff opp Grubbegata til høgblokka, som husa både Justisdepartementet og Statsministeren sitt kontor.

– Dei som jobbar i departementa meiner at mykje av det same har gjenteke seg i arbeidet med å sikra departementa etter 22. juli. Det har vore vanskeleg å identifisera kven som har ansvaret, det har teke veldig lang tid og nokre tiltak er framleis ikkje på plass, utdjupar Lier.

Overvåkningsvideoen viser Anders Behring Breivik idet han har forlatt bombebilen utenfor Høyblokka 22. juli.

Her har terroristen Anders Behring Breivik sett frå seg bombebilen utanfor inngangen til Høgblokka.

Fritt fram i Akersgata bak Stortinget

Bomba tok livet av åtte menneske. Svært mange er skadde for resten av livet, både fysisk og psykisk.

Tap og smerte som kunne ha vore unngått dersom regjeringa hadde gjennomført vedtak om å stengja Grubbegata, slo leiaren for 22. juli-kommisjonen Alexandra Bech Gjørv fast i august i fjor.

I ei høyring i Stortinget i november i fjor understreka kommisjonsleiaren at det no er viktigare å retta opp feila som blei avdekt enn å bruka krefter på å plassera ansvar.

Arbeidarpartiet fryktar at Akersgata blir «eit nytt Grubbegata». Halvanna år etter terroren er gata som går forbi Stortinget framleis open for trafikk. Eksploderer det ei bombe der, vil det kunne gje store skadar.

Ap vil om nødvendig ta i bruk statleg reguleringsplan for å stengja vegen for trafikk raskt, ifølgje Aftenposten.

– Det er nedsett ei arbeidsgruppe med representantar frå stat og kommune som jobbar med føremålstenlege tryggingstiltak i sentrum. Den politiske leiinga i staten og kommunen må godkjenna tiltaka som gruppa føreslår, seier direktør Hans Edvardsen i Bymiljøetaten i Oslo kommune til Aftenposten.

Hensatt varebil i Akersgata bak Stortinget

Ein varebil står parkert i Akersgata, like bak Stortinget. Arbeidarpartiet fryktar at Akersgata blir «eit nytt Grubbegata».

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Faremo vil ikkje ha eit lukka samfunn

Statsråd Grete Faremo (Ap)

Justis- og beredskapsminister Grete Faremo (Ap) seier det er gjennomført ei rekkje tiltak i regi av Fornyingsdepartementet etter 22. juli.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Beredskapsminister Grete Faremo (Ap) meiner det er viktig å tenkja på kva type samfunn me vil ha, og ønskjer ein open debatt i Stortinget om tryggingstiltak sentralt i hovudstaden.

– Dette handlar om sentrale gater i byen, byrom som folk flest er vande til å ferdast i. Det er viktig å finna gode løysingar som også tek vare på tryggleiken til dei tilsette. Korleis kan me sikra oss betre utan å lukka samfunnet? spør Faremo.

Ap-statsråden poengterer at det er gjennomført ei rekkje tiltak i regi av Fornyingsdepartementet etter 22. juli-terroren. Det er dette departementet som har ansvar for sikringa av regjeringskvartalet.

– Ein del av dei er rett nok såkalla kompenserande tiltak i påvente av meir permanente. Som samordningsansvarleg har eg bede dei ulike institusjonane om å setja seg ned saman for å sikra at me får gode tryggingsløysingar på plass samstundes som me tek vare på byrommet vårt. Eg har godt håp om at representantane frå Stortinget, Rådhuset, Slottet og departementsfellesskapet saman vil finna fram til gode tiltak, seier Faremo.

Lier i Juristforbundet seier dei forstår at sikringa tek tid, men at det nettopp er mangel på mellombelse tiltak dei er kritiske til.

– Dei tilsette fortel at varebilar stod heilt attmed vindauga til Justisdepartementet i byggjeperioden etter 22. juli. Handverkarar har kome og gått. Kven visste kven dei var? Kvifor kunne ein ikkje hatt eit tryggingsselskap som passa på i mellomperioden? Det er ikkje berre behov for reell tryggleik. Dei tilsette treng også å føla seg trygge, seier representanten til dei departementstilsette.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger