I fjor var det berre Bækkelaget/Nordstrand som hadde fleire to minutts utvisingar enn ØIF Arendal i eliteserien. Difor har klubben har hatt ekstra fokus på disiplin i oppkøyringa til årets sesong.
- LES: ØIF går for medalje
– Vi håpar at vi skal unngå å innføre straff, men klarar vi ikkje å ta konsekvensen av det vi har sett som eit tiltak og mål må vi gjere det. Men førebels håpar vi å unngå det, seier trenar Leif Gautestad til NRK.no.
– Medaljen rauk
Gautestad meiner dumme utvisingar etter til dømes kjefting på dommarar kosta klubben dyrt i fjor.
– På grunn av mangel på disiplin nådde vi ikkje sluttspelet. Vi vart for opphengde i dommarprestasjonar i staden for å ha fokus på det vi kunne gjere noko med. Der rauk medaljen vår. Vi snakka på oss for mange tominuttarar, seier trenaren.
ØIF Arendal pådrog seg heile 76 utvisingar i eliteserien i fjor. «Snillast» i klassen var Drammen som fekk 46 tominutts utvisingar.
– Vi har hatt dommarlegender på besøk. Vi håpar at å ha det som fokus viser at vi gjer noko med det i kamp. Når det kokar er det ikkje lett, men eg trur at gutane vil tenkje seg meir om enn før, seier han.
Kapteinen tek ansvar
– Eg blir ikkje overraska om ein del av dei slengjer med leppa, men vi har jobba hardt med dette og eg trur det blir ein nøkkel i forhold til å få resultat, legg han til.
Eirik Heia Pedersen måtte gå av bana 11 gonger i eliteserien i fjor. Som årets kaptein føler han eit ekstra ansvar.
– Eg må gå føre og prate med spelarane. Eg kan ikkje kjefte på spelarane så lenge eg oppfører meg slik sjølv. Eg må ta meg litt i nakken og skjerpe meg, seier Heia Pedersen.
– Mange av utvisingane skjer fordi vi er veldig tente. Eg føler ikkje vi er eit stygt lag, men at vi jobbar og gir litt ekstra kan ofte føre til tominuttarar. Det er klart ingen fordel å liggje på botnen der, seier han.
Søndag opnar ØIF Arendal eliteseriesesongen med heimekamp mot Viking i Sør Amfi.