Det er klart etter at resultata frå folkeavstemminga har komme frå dei største kommunane.
– Eg har gratulert nei-folket. Men etter mi meining har dei spelt på kjenslene til folk og komme med lite reelle fakta, seier leiar for ja-aksjonen, Maya Twedt Berli til NRK.no.
80 prosent mot
Det endelege resultatet er enno ikkje klart, men ligg førebels på rundt 67 prosent imot ei samanslåing av Agder-fylka.
Twedt Berli er til dagleg ordførar i Vegårshei, ein kommune det var stor motstand mot samanslåing.
– Det beskriv denne debatten veldig godt. Kommunane lengst aust i Aust-Agder er imot, medan vestkommunane er meir opne for ei samanslåing, seier ho.
I Arendal som er den største kommunen i Aust-Agder stemte heile 80 prosent mot ei fylkessamanslåing. I Grimstad stemte 58 prosent mot samanslåing av fylka.
Debatten død
– Eg trur nok diskusjonen rundt eitt Agder-fylke er lagt død for denne gang, men så har du jo nokre kommunar som likevel kan komme til å melde overgang til Vest-Agder, seier ho.
Både Lillesand, Iveland og Birkenes hadde i tillegg eit eige val der innbyggjarane måtte ta stilling til om kommunane skal melde overgang til Vest-Agder. Der er førebels uklart kva resultatet vart i desse vala.