Hopp til innhold

Tipsflaum etter bankran

Politiet har fått inn mange tips frå publikum etter ranet av Sparebanken Sør i Lyngdal sist veke.

Ran i Lyngdal

RAN: Ranaren fekk med seg eit ukjent pengebeløp. Politiet har fått mange tips frå publikum.

Foto: Overvåkningskamera

Anne Margrethe Ruud

Anne Margrethe Ruud

Foto: Mari-Ann Albrektsen / NRK

Ein mann truga dei tilsette med våpen og kome seg unna med eit ukjent pengebeløp sist torsdag.

Samlar brikkene

– Vi jobbar framleis intenst med saka. Vi samlar saman brikker til eit puslespel vi ikkje er heilt sikre på korleis vil sjå ut til slutt, seier lensmann i Lyngdal, Anne Margrethe Ruud til NRK.no.

Sparebanken Sør gir 50 000 kroner for tips som fører til oppklaring av ranet.

– Førebels har vi samla mykje informasjon. Vi får mykje tips frå publikum og prøvar å kartleggje kva som skjedde rundt åstaden, seier lensmannen.

Truga med pistol

Ranaren truga tilsette med pistol. Ingen personar vart skada under ranet av banken.

– Så langt har vi ingen mistenkte, seier ho.

bankraner Lyngdal

RANAR: Bankranaren hadde på seg lys jakke og mørk bukse.

Foto: Overvåkningfoto
null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,17 kr
Dyrest kl. 08 2,04 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %