Hopp til innhold

Varetektsfengsla etter gisseldrama

Ei 35 år gammal kvinne vart onsdag varetektsfengsla i fire veker med brev og besøksforbod etter gisseldramaet i Grimstad søndag.

Politiaksjon i Grimstad

FENGSLA: Ei kvinne er varetektsfengsla fire veker etter gisseldramet på Sørlandet.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

To av vekene er i full isolasjon.

I går vart to menn, som er sikta i den same saka, også varetektsfengsla i fire veker.

Grove ran

Dei tre er mistenkt for å ha gjort to grove ran mot ein vektar i Sørlandsparken og mot ei kvinne i Grimstad.

Den 37 år gamle kvinna vart truga med eit våpen i munnen. Ein av gjerningsmennene trekte av fleire gonger.

– Eg trudde eg skulle døy. Eg ba til Gud for å få hjelp, har kvinna tidlegare sagt til TV2.

– Han prøvde og prøvde, men pistolen berre klikka, seier ho.

I gang med etterforsking

Politiet er i full gang med etterforskinga av saka, som altså innheld kidnapping, ran av ein vektar, vill biljakt i 180 kilometer i timen i motsett køyreretning på motorvegen mellom Kristiansand og Grimstad, ran og mishandling av den 37 år gamle kvinna.

– Det er særdeles grovt. Både ranet av vektaren med bruk av våpen. Det ranet som skjedde i Grimstad er veldig stygt. Det har vore forferdeleg stygg køyring, som kunne medført dødsulykker. Vi ser veldig alvorleg på dette, har politiinspektør, Magnus Andreassen ved Agder-politiet tidlegare sagt til NRK.no.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %