Den 33 år gamle bilføraren, som ble skreven ut fra sjukehuset i Arendal i dag, nektar å forklare seg for politiet. Politiet vil difor krevje lukka dører under rettsbehandling av varetektsspørsmålet tirsdag, ifølgje Agderposten.no.
Pengar truleg motivet
Politiet trur jakt på pengar er motivet for gårsdagens drama.
– Utover det at det vart rana pengar og andre ting, kan eg ikkje seie noko, seier politiinspektør, Magnus Andreassen ved Agder-politiet, til NRK.no.
Dei tre, to menn og ei kvinne, er sikta for ran og frihetsberøvelse.
- LES OGSÅ: Ranet kvinne under biljakten
Uoversiktleg
Det er ei særs alvorleg og uoversiktleg sak politiet i Agder starta etterforsking på i dag.
Dramaet inneheld mogleg kidnapping, ran av ein vektar, vill biljakt i 180 kilometer i timen i motsett køyreretning på motorvegen mellom Kristiansand og Grimstad, ran og mishandling av ein kvinneleg leigetakar i Grimstad og politiet som avfyrte skot for å uskadeleggjere ein av dei involverte som prøvde å stikke av etter å ha krasja i Grimstad sentrum.
- LES OGSÅ: En etterlyst etter gisseltaking
- LES OGSÅ: Bildesperado med gissel
– Det er særdeles grovt. Både ranet av vektaren med bruk av våpen. Det ranet som skjedde i Grimstad er veldig stygt. Det har vore forferdeleg stygg køyring, som kunne medført dødsulykker. Vi ser veldig alvorleg på dette, seier Andreassen.
Kjende personar
– Politiet kjenner til personane frå tidlegare, seier Andreassen.
LES OGSÅ: Pågrepet mann skutt i låret
Dei tre pågrepne er ein 33 år gamal mann frå Lyngdal, ein 54 år gammel mann frå Kristiansand og ei kvinne frå Arendal.
Kvinna er nå sikta for medvirkning til ran. 33-åringen som køyrde BMWen, er sikta for ran og 54-åring er sikta for frihetsberøvels. Men siktelsene vert utvida før fengslingsmøtet tirsdag, ifølgje politiadvokat Folke Åmlid i Agder politidistrikt.
Politiadvokaten seier alle tre har tidlegare domar på rullebladet.