Hopp til innhold

Seglbåt var 200-300 meter frå jolle-forliset

Dei seks danske turistane prøvde febrilsk å tilkalle hjelp frå ein forbipasserande seglbåt, like etter jolla deira hadde kantra. Fire danske ungdommar har truleg omkomme i ulykka.

Jolle-ulykke Mandal, Søren Thuesen

OVERLEVDE: Ein av dei to som kom seg til land etter jolle-ulykka i Mandal, Søren Thuesen, fortel at ein seglbåt passerte ulykkesstaden like etter ulykka. Dei seks lukkast ikkje med å få kontakt med båten. Fire ungdomar omkom truleg i ulykka.

Foto: www.gulesider.no / Jørgen Kirk / Scanpix / Kari Løberg Skaar/NRK

– Dei såg ein seglbåt 200-300 meter lenger borte. Det har blitt fortalt at dei prøvde å signalisere til denne utan å lukkast, seier politistasjonssjef i Mandal, Bjart Gabrielsen til NRK.no.

– I ettertid har vi fått vite at det var mannskap på denne båten som varsla om båten som vart funne drivande i sjøen seinare, seier politistasjonssjefen.

LES OGSÅ: Startar nye søk
LES OGSÅ: Gir opp å finne danskene i live

Fann truleg jolla

For båten vart truleg funne berre to timar etter ulykka, i nærleiken av ulykkesstaden. Redningsskøyta «RS Hvaler» vart tilkalla, men klarte ikkje å få med seg jolla, som låg delvis under vatn. Dette var før ulykka var varsla.

– Dei har ut frå eit fagleg grunnlag tenkt at dette var ein båt i drift, basert på dei vêrforholda som var. Det var ikkje noko dei observerte, som skulle indikere at det hadde vore ei ulykke. Dei hadde ingen grunn til å tru det. seier Gabrielsen.

LES OGSÅ: 24-åring utskrevet fra sykehus
LES OGSÅ: Sumde og gjekk dobbelt så langt

– Det var var ingen sakna-meldingar. Det var ingenting som gjorde at dei i den situasjonen kunne konkludere med at aksjon burde bli sett i verk, legg han til.

Det er no sett i gang overflatesøk med lokale båtar, politibåtar og redningsskøyte. Tidlegare har leitemannskap funne ei lite fiskekasse og ein sko, som tilhøyrer ein av dei omkomne.

Jolle-ulykke i Mandal

LEITAR: Mannskap frå Norsk Folkehjelp var på plass i Mandal tidleg fredag. No er dei med på nye søk etter dei fire danskane som truleg omkom i ulykka.

Foto: Johanne Tunaal-Larsen/NRK

Hadde stor fart

– Det fortel oss ingenting. Dette vart funne relativt langt vest frå der ulykka er beskrive. Det har drive veldig fort vestover. Det har vore betydeleg fart på både vind og straum den aktuelle dagen. Det betyr kanskje at dei omkomne kan ha fare langt vekk. Difor vil vi no gjennomføre dykkarsøk med eit lite håp om at vi kanskje kan finne ein eller fleire av dei omkomne, seier han.

LES OGSÅ: Sjå bilete frå leiteaksjonen

24 år gamle Søren Thuesen, som sumde og gjekk over 7 kilometer for å varsle frå om ulykka, og familien hans, som kom frå Danmark i går, er no på veg til Danmark att. Politistasjonssjefen snakka sjølv med 24-åringen og den eine kameraten, som også overlevde, i går.

– Dei fortel om traumatiske og forferdelege opplevingar. Avmakt, frustrasjon og oppgitthet på ein måte som eg trur eg umogleg å beskrive for oss som ikkje var der, seier Gabrielsen.

Dykkarar på veg ut etter jolle-ulykka i Mandal

SKAL DYKKE: Dykkarar skal leite etter dei fire sakna danskane på to aktuelle stader.

Foto: Johanne Tunaal-Larsen/NRK

Såg venene forsvinne

– Spesielt han som tok mest ansvar for å samle veneflokken, som etterkvart såg dei forsvann den ein etter den andre, trur eg er ei oppleving som einkvar kan førestille seg, at ingen politimann kan beskrive korleis dei har hatt det, seier han.

Familiane til dei omkomne kjem truleg til Mandal for å sjå ulykkesstaden seinare.

– Dei får no oppfølgjing i Danmark. No planlegg vi ei samling med familien til dei omkomne, så får vi sjå kva det blir til. Dei uttrykte ynskje om å komme opp for å sjå kva som skjedde og få vår orientering, slik at dei har det beste grunnlaget for å bearbeide hendinga, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %