Hopp til innhold

Tek oppatt leitinga etter sakna danskar etter jolle-forlis

Politiet har bestemt at det vil bli gjort nye søk etter dei sakna danskane i Mandal fredag.

Leiting i Mandal

LETER: Mannskap frå Norsk Folkehjelp var på plass tidleg fredag morgon for å setje i gang nye søk.

Foto: Johanne Tunaal-Larsen/NRK

– No går vi i gang med eit overflatesøk med lokale båtar, politibåtar, redningsskøyta og lokale fiskarar og andre vi har gjort avtale med, seier politistasjonssjef i Mandal, Bjart Gabrielsen til NRK.no.

– Vinden har snudd og straumen er annleis. Difor meiner vi det er klokt å setje i gang nye søk, seier han.

Betre leiteforhold

Mannskap frå blant anna Norsk Folkehjelp gjorde seg klar til leiting allereie tidleg fredag morgon.

Leiteforholda er langt betre i dag, men det er meldt opp mot stiv kuling i løpet av dagen. Det vert i tillegg sett inn dykkarar i søket etter dei fire danskane.

– Dei skal søkje to stader, der vi meiner dei fire må ha forsvunne. Tidlegare har ein funne omkomne der dei sist vart sett, så vi meiner det er ei riktig og fornuftig tilnærming. Så håpar vi kanskje det kan gjer resultat, seier Gabrielsen.

LES OGSÅ: Skal diskutere videre leting
LES OGSÅ: Gir opp å finne danskene i live

Det er førebels uklart kor lenge leitinga etter dei fire vil pågå.

– Den avgjerdsla er ikkje teken endå. Vi vil ha eit trykk gjennom denne dagen. Så vil vi gjere i morgon tidleg, som vi har gjort i dag, gjere opp status og ta avgjerdsla for eventuelt vidare søk, då i samarbeid med Hovudredningssentralen, seier politistasjonssjefen.

Søkjer etter omkomne

Torsdag kveld kom meldinga om at leitemannskapa har gitt opp å finne dei fire sakna i live.

– Vi kaller ikkje lenger dette ein redningsaksjon, men eit søk etter antatt omkomne, sa Anders Bang Andersen ved Hovedredningssentralen Sør-Norge til NRK.no i går.

LES OGSÅ: 24-åring utskrevet fra sykehus
LES OGSÅ: Søren (24) sumde dobbelt så langt, som ført antatt

Dei fire sakna danske mennene er 22,23, 24 og 25 år gamle. Det var onsdag ettermiddag i 14-tida at dei fire danskane saman med to andre danskar forliste då den lille båten deira kantra utanfor Skjernøya ved Mandal.

Jolle-forlis i Mandal

BLOMSTER: Nokon har sett blomster på kaia ungdommane la frå på onsdag.

Foto: Johanne Tunaal-Larsen/NRK

Såg truleg jolla

Dei to andre kom seg til land med livet i god behald. Den eine av dei, Søren Thuesen (24) brukte fleire timar på å symje og gå ei strekning på rundt 7 kilometer. 24-åringen er livreddar.

SJÅ: Bilete frå leiteaksjonen

Redningsskøyta «RD Hvaler» såg truleg jolla ungdommane brukte, berre to timar etter forliset.

– Bauen var såvidt over vatnet. Då hadde den drive eit godt stykke allereie. Vi prøvde å slepe den inn, men måtte gje oss då den vart for tung på grunn av vassmengdene. Til slutt vart det avgjort å avblåse søket, seier skipper på RS Hvaler, Nils Reidar Christensen til NRK.no.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %