Hopp til innhold

Anna (14) kollapsa på fotballbana

Ho skulle spele sin andre kamp for Lyngdal sitt seniorlag i 2. divisjon i fotball laurdag. Turen til Tønsberg enda på sjukehus.

Anna Stålesen

KOLLAPSA: Anna vart liggjande livlaus att på bana etter kampslutt i ein kamp mellom Lyngdal og Eik Tønsberg. 14-åringen vart henta med ambulanse og hugsar ingenting frå kampen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg fekk vite etter kampen at eg hadde spelt heile kampen. Eg hugsar ikkje noko ifrå eg gjekk av spelarbussen til eg vakna i ambulansen, seier Anna til NRK.

LES OGSÅ: Jente (14) kollapsa på fotballbana

Den 14 år gamle keeperen spelar vanlegvis ikkje kamp med seniorlaget, men fekk moglegheit til å vakte buret då laget mangla førstekeeperen til kampen mot Eik Tønsberg.

Hugsar ingenting

– Eg hadde vondt i hovudet på bussen til Tønsberg, men tenkte at det sikkert kom til å gå over. Nokre lagvenninner sa i etterkant at eg hadde klaga på hovudsmerter også under kampen, men det hugsar eg ikkje, seier 14-åringen.

Lagvenninnene hennar var gått i garderoben, medan Anna framleis låg strekk ut på bana. Motstandarlaget tenkte at lyngdølen låg å deppa over 0-5 tapet, og at det var årsaka til at ho låg vart liggjande.

Etterkvart vart dei merksame på at ho låg heilt stille. Det gjorde at trenaren til Eik Tønsberg gjekk bort for å sjekke. Då viste deg seg at sørlendingen var bevisstlaus.

Merete Stålesen (t.v) og Anna Stålesen

GODT HUMØR: Mamma Merete la straks turen til Tønsberg, då ho fekk beskjed om at dottera vart frakta til sjukehus. Anna vart skriven ut frå sjukehuset i dag, og var i godt humør.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Shit

Ambulanse vart kontakta umiddelbart, og etter få minutt var ho på veg til sjukehus. I ambulansen vakna ho igjen.

– Det første eg tenkte var; å nei, shit. No kjem eg meg ikkje heim i dag iallefall, seier ho.

– Var du ikkje redd?

– Nei, eigentleg ikkje, seier 14-åringen.

Lyngdølen har vore ute for liknande tidlegare, men legane finn ikkje ut kva som gjer at ho «dett vekk».

Faksimile Tønsberg Blad

DRAMATISK: Det såg dramatisk ut då Anna låg att livlaus på bana etter kampen mot Eik Tønsberg.

Foto: Faksimile Tønsberg Blad

Satsar vidare

– Nokre snakka om epilepsi, medan andre meiner det ikkje er det. Så eg veit ikkje, seier ho.

Episoden i Tønsberg har ikkje skremt ho frå å satse vidare på fotballbana. Den talentfulle keeperen er med i talentgruppa Team Agder, og satsar vidare for fullt.

– Eg håpar på å bli veldig god. Eg let ikkje dette stoppe meg. No treng eg berre litt kvile, så er eg klar igjen, seier keepertalentet.

Mamma Merete var heime i Lyngdal då ho fekk høyre om at dottera var innlagt på sjukehus.

Mamma: - Skremmande

– Det var skremmande, og eg følte det var lite eg kunne gjere sidan eg var så langt borte, seier ho.

Sjølv har ikkje mora opplevd at dottera har falle om, sjølv om det har skjedd fleire gonger.

– Eg tykkjer ikkje det er noko greit. Det har jo skjedd fleire gonger. Å få den telefonen om at ho ligg på sjukehus, ja den har vi fått nokre gonger. Hadde vi berre visst kva det var, kunne vi iallefall forholdt oss til det. Dei seier jo berre at ho skal leve som normalt, seier mora.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,17 kr
Dyrest kl. 08 2,04 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %