Hopp til innhold

Jente (14) kollapsa på fotballbana

Ei 14 år gammal jente på damelaget til Lyngdal vart liggjande livlaus att på bana etter kampen mot Eik Tønsberg.

Dommaren hadde akkurat blese av 2. divisjonsoppgjeret på Eikbanen i Tønsberg i går ettermiddag, då episoden fann stad. Fleire av spelarane hadde allereie gått i garderoben. Men ein låg att på bana.

Livlaus

Spelarar frå heimelaget, som dreiv med nedjogging, trudde at jenta deppa over tapet, og at det var difor ho vart liggjande. Men etterkvart reagerte mange på at ho låg heilt urørleg, ifølgje Tønsberg Blad.

– Vi var i ferd med å gå i garderoben, då vi såg ho liggje livlaus att på bana, seier lagleiar Rune Sæther til NRK.

Trenaren til Eik Tønsberg var den første, som gjekk bort til jenta. Han signaliserte raskt at ho var bevisstlaust og ambulanse vart straks tilkalla.

– Skremmande

– Heldigvis var ambulansen på plass raskt. Etter ein halvtime livna ho til att, seier Sæther.

Han fortel om ei skremmande oppleving på Eikbanen.

– Det var ikkje morro i det heile. Det er klart vi vart skremde. Dette har skjedd eit par gonger tidlegare med jenta, men legane finn ikkje ut kva det er. Eg reknar med ho vert skriven ut frå sjukehuset om ikkje lenge, seier lagleiaren.

Lyngdal tapte forøvrig kampen 0-5.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,17 kr
Dyrest kl. 08 2,04 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %