Hopp til innhold

Dei ville ut på eventyr - enda opp i bur saman med kvithai

Helene Hommefoss frå Gjerstad og Janne Larsen Bodin frå Tvedestrand jobbar frivillig på ein turistbåt i Sør-Afrika. Der kjem dei dagleg i kontakt med kvithai.

Helene Hommefoss og Janne Larsen Bodin

UT PÅ HAITUR: Helene Hommefoss og Janne Larsen Bodin dykkar med haiar i Sør-Afrika.

Foto: Privat

Det var Tvedestrandsposten som først skreiv om sørlendingane som ville ut på tur. Det var i mai dei to sørlendingane fann ut at dei hadde lyst ut å reise.

Helene Hommefoss og Janne Larsen Bodin ser hai i Sør-Afrika

NÆRKONTAKT: Sørlendingane kjem tett på kvithaien. – På det næraste var vi kanskje fem centimeter ifrå, seier Janne.

Foto: Privat

– Planen var å reise ein stad å kose med løveungar i eit prosjekt i Afrika, seier Larsen Bodin til NRK.no.

– Så kom eg over ei nettside der ein kunne jobbe som frivillig med kvithaidykking på ein båt i Sør-Afrika, seier ho.

I nærkontakt

Janne spurte venninna Helene, som sa ja med ein gang.

Eit halvt år seinare er dei i Gansbaai i Sør-Afrika, og hjelper til på båten som sender turistar under havoverflata i eit bur for å komme så tett innpå kvithaien som mogleg.

– Allereie den første dagen fekk vi nærkontakt med kvithai. Vi fekk vere med som turistar og såg ein hai på rundt fire meter, kanskje berre fem centimeter unna oss, seier ho.

Kontrasten er stor frå vinterkalde Norge til 30 grader og strålande sol i Sør-Afrika.

– Vi er ein del av mannskapet og hjelper til med informasjon og det praktiske. Er det tid får vi også moglegheit til å vere med turistane ned i buret, seier Tvedestrand-jenta.

– Fredfulle dyr

Eigentleg er ho eigentleg ikkje særleg glad i hai.

– Eg er veldig fascinert, men også veldig redd for dei. Men eg likar godt å få adrenalinkick, så likar eg å gjere ting som eg tykkjer er skummelt og samstundes fascinerande. Hai er noko av det, seier ho.

– Haiane er faktisk ikkje så skumle som eg trudde før eg kom ned. Dei verkar så fredfulle og sym berre fint forbi og bit i lokkematen innimellom, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,64 kr
Dyrest kl. 02 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %