Hopp til innhold

– Det er nesten som eg kjenner klumpen i halsen

Dei norske synkronstuparane Espen og Eirik Valheim blei for svake i kampen mot verdas beste synkronstuparar i dagens VM-finale. Likevel er ellevteplassen i Shanghai ei historisk bragd.

Det blei til slutt ein ellevteplass i synkronstuping for dei einegga tvillingane Espen og Eirik Valheim frå Sola. Eit historisk bra resultat i norsk samanheng som Espen Valheim var svært nøgd med:

– Dette er utruleg kjekt. Me har jobba så hardt for dette, og når me då presterer opp mot det beste me nokosinne har gjort når det verkeleg gjeld, er det nesten som eg kjenner klumpen i halsen, seier Espen til NRK.no like etter det siste finalestupet.

– Stolte og nøgde

I finalerunden fekk dei 379,74 poeng noko som var betre enn i kvalifiseringa, men likevel langt unna Kina som vann suverent med 463,98.

Sjølv om nordmennene hamna nest sist i finalerunden er det ingen grunn til å henga med hovudet. Aldri før har Norge levert betre resultat i denne greina.

– Dette er me svært nøgde og stolte av. Me kunne sjølvsagt kome ein plass eller to lenger opp, men marginane er så små og det er så lite som skal til, seier trenaren til tvillingane Frank Johnson.

Tre meter synkronstuping har vore ei VM-øving i ti år, dette var det første verdsmeisterskapet Norge hadde med eit synkronpar i finalen.

– I dag gjer me nesten ingen feil og får ein veldig bra poengsum, det er det aller viktigaste, seier Eirik Valheim.

Eirik Valheim, Espen Valheim og Amund N. Gismervik

Alle dei norske deltakarane i stupe-VM i Shanghai, Kina kjem frå Pingvin Stupeklubb i Sola. Frå venstre Eirik Valheim, Espen Valheim og Amund N. Gismervik.

Foto: Frank Johnson/pingvin Stupklubb

Fordel å vera einegga tvilling

Dei to brørne ser på det å vera einegga tvillingar som ein fordel i synkronstuping. Dette er på grunn av at dei har same motorikk, rørslemønster, høgde og styrke.

– At me også ser like ut gjer nok ingenting når det kjem til synkronstuping, seier Espen Valheim.

Så langt har Norge prestert svært bra i Shanghai med Amund N. Gismervik tiandeplass på ein meter svikt i går og dagens ellevte plass i tre meter synkronstup.

Likevel er det meir å sjå fram til. På torsdag blir det tre meter individuelt og ti meter på laurdag.

Det er på ti meteren Amund er sterkast men så er det også svært gode konkurrentar her ifølgje trenaren Frank Johnson.