Historisk norsk tiandeplass i stupe-VM i Shanghai

Amund N. Gismervik frå Sola stupte seg til ein ein sterk tiande plass i stupe-VM i Shanghai i dag. – Over all forventing, seier ein svært nøgd Gismervik til NRK.no.

Amund N.Gismervik

Amund N. Gismervik er den første nordmannen som nokosinne deltek i ein VM-finale i ein meter svikt.

Foto: Frank Johnson/Pingvin Stupklubb

Aldri før har ein nordmann deltatt i stupe-VM i ein meter svikt og resultatmessig ville Gismervik vore nøgd med ein sisteplass i dagens final.

Derfor var gleda stor då VM-debutanten stupte betre enn både Islas frå Mexico og Andresen frå Sverige. Nordmannen hamna på tiandeplass med 346,65 poeng i finalen.

Motivasjon for vidare satsing

– Dette er mitt første VM nokon sinne så eg var litt usikker på kor lista låg. Med ein tiandeplass har me i aller høgste grad vist at me har noko her å gjera, seier ein svært glad Gismervik etter finalen.

Han seier at dette gjer motivasjon for vidare satsing på stup, i den vesle stupenasjonen Norge.

Stuparane Li og He frå vertsnasjonen Kina hamna på første- og andreplass i dagens finale, medan tyskaren Rozenberg stakk av med tredjeplassen.

Trenaren til Gismervik, Frank Johnson, seier at dagens resultat kan bety mykje for den norske stupesporten:

– Eg håper at dette kan gje oss sjølvtillit og at me forstår at me også i Norge kan lukkast i stup, sjølv om satsinga er langt mindre her, seier Johnson.

Alle dei tre nordmennene som deltek i stupe-VM i Shanghai kjem frå Pingvin Stupeklubb i Sola. Johnson håper at det kan koma fleire gode resultat frå nordmennene.

Eirik Valheim, Espen Valheim og Amund N. Gismervik

Dei tre norske stuparane i VM i Shanghai kjem alle frå Pingvin Stupklubb. Frå venstre Eirik Valheim, Espen Valheim og Amund N. Gismervik.

Foto: Frank Johnson/pingvin Stupklubb

Kan koma fleire gode resultat

– Denne greina hadde me ikkje dei største forventningane til, så nå blir det spanande å sjå korleis det går med synkronstupinga i morgon, tre meter individuelt på torsdag og ti meter på laurdag. Det er på ti meteren Amund er sterkast men så er det også svært gode konkurrentar her, seier trenaren.

Amund N. Gismervik seier at dagens sterke plassering gjer at han får større forventningar til ti meteren.

– Når eg har lukkast ein gong kan det godt henda at eg lukkast ein gong til, seier Gismervik.

Dersom han kvalifiserar seg til finale i denne greina kjem han med til OL i London neste år.