Hopp til innhold

Tre lokale stuparar klare for VM

Norge skal for første gong stilla med tre stuparar i VM. Det at alle tre kjem frå Pingvin-stupeklubb i Sola gjer det endå meir spesielt.

Video 915a4e1e-7c28-4694-81ae-1a81796292c9.jpg

Tre lokale stuparar frå Rogaland er klare for VM.

I helga klarte nemleg sistemann, Amund Gismervik (20) VM-kravet på 10 meter tårn. Det er 35 år sidan førre gong Norge stilte med ein deltaker i denne greina.

Tilsaman tre stykk

Frå tidlegare var tvillingane Eirik og Espen Valheim (19) kvalifisert på 3 meter individuelt og 3 meter synkronstup. Den norske troppen blir dermed rekordstor.

– Eg gler meg veldig mykje, det er utruleg å få vera med på noko så stort, seier Amund Gismervik.

Høyr radiosaka her:

Hyggeleg overrasking

Stuparane vart møtt med både heiarop, ballongar, og kaka før treninga i går.

– Dette var fantastisk, hadde ikkje forventa noko sånt, seier Espen Valheim med eit breitt smil rundt munnen.

Saka held fram under bilete

VM-klare stuparar

FEST: Gutane var først skeptiske til kaka før trening, men kunne til slutt ikkje unngå freistinga.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

Gode kameratar

Dei tre gutane er like gamle, og har holdt saman lenge. Dei er ikkje i tvil om at det har gjort dei betre.

– Er du åleina har du ingen å måla deg opp mot, mens når me er tre er det konstant kniving, seier Espen.

Det er gøy å sjå korleis dei gjer dei, for då kan du læra av dei.

Julie Ravnås, 12 år gamal stupar

Stolt trenar

Trenar Frank Johnson er veldig glad for at Amund og til slutt klarte å kvalifisera seg til VM i Kina i juli.

– At han klarte kravet på den nest siste sjansen var utruleg kjekt. Nå er også han ein av teamet når me snakkar om Kina, seier klubbtrenaren.

Han meiner det er fleire grunnar til at gutane har kome så langt.

– Dei er lekne, og har gjort allverdens ting. Om det er salto, line, eller einhjulssykkel spelar ingen rolle, seier Johnson.

Saka held fram under bilete

Blir inspirert

INSPIRERT: Søskenbarna Julie og Emma har lyst å bli lika flinke som gutane

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

I historiebøkene

Tvillingane skal og gjera nokon ingen har gjort før. Norge har nemleg aldri tidlegare stilt i synkronstup i VM. Men det er godt dei er einegga tvillingar. Manglande anlegg gjer nemleg at tvillingane må til utlandet for å trena på å stupa synkront.

Målet i VM

Om ein månad set gutane kursen mot Kina, og ambisjonane er klare.

– Å stupa opp mot det eg kan, og hadde eg klart å ta ny personleg rekord i VM hadde det vore heilt fantastisk, avsluttar Amund Gismervik.

Eg synst det er kjempekjekt. Når dei stuper, wow... Det er inspirerande.

Emma Ravnås, 13 år gamal stupar