Hopp til innhold

Bot til kyrkja på om lag 100.000 kroner

Kyrkja i Stavanger har fått ei klekkeleg bot etter ein papirlaus flyktning jobba ulovleg i Hinna kyrkjelyd. Ansvarlege i kyrkjeadministrasjonen angrar ikkje på lovbrotet, og seier at behandlinga av papirlause flyktningar er hjarterå.

Video Bot til kirken

VIDEO: Her står kyrkjeverje i Stavanger, Svein Inge Thorstvedt, med ei bot på 96.000 kroner i handa.

Bota til Kyrkjeverjekontoret i Stavanger er på heile 96.000 kroner. Det er straffa dei får for å ha latt ein flyktning, utan arbeids- og opphaldsløyve, jobba og motta løn i Hinna kyrkjelyd.

Det var i haust politiet i Rogaland bedde statsadvokaten bøtelegga 32 firma for til saman 5 millionar kroner, for å ha hatt asylsøkjarar med avslag på lønningslista.

Nå har bøtene kome og den største er på 500.000 kroner, skriv Stavanger Aftenblad.

Hevar seg over lova

Trass i at Stavanger kyrkjelege fellesråd visste at flyktningen ikkje hadde arbeidsløyve og skattekort, lot dei han halda fram i ein deltidsjobb i fjor.

Kyrkjeverje i Stavanger, Svein Inge Thorstvedt, seier dei valde å heva seg over lova:

– Desse folka er i ein heilt håplaus situasjon. Sidan me som kyrkje har eit særleg ansvar for dei svake, valde me og framleis ha denne personen tilsett på ulovleg vis. Dette gjorde me for det ville vore heilt urimeleg å sei til denne personen at nå er det stopp, seier Thorstvedt.

Dei har i dag bestemt at dei kjem til å betala bota.

– Villig til å gå i fengsel

Gunhild Andersen er diakon i Hinna kyrkjelyd, og kjemper dag og natt for dei papirlause flyktningane. Ho lar seg ikkje skremma av politiet:

Gunhild Andersen

Diakon ved Hinna Kyrkjelyd, Gunnhild Andersen, seier at ho er villig til å hamna i fengsel for flyktningsaka.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– I ytste konsekvens er dette ei sak eg kan gå i fengsel for, seier ho.

Andersen fortel at få saker har engasjert ho meir enn dette.

– Dersom eg må velja mellom å bryta lova, eller hjelpa eit menneske, vil eg heller hjelpa eit menneske, seier ho.

I dag har ho pakka brev til alle lokale stortingsrepresentar, desse overleverte aksjonistane til rogalandsbenken som dei møtte på Sola strand hotell. Bodskapen er at styresmaktene må endra lovverket, eller praktiseringa av lovverket.

– Arrogant

Bøtene i Rogaland får politikarar til å reagera. Generalsekretær, Seher Aydar, i Raud Ungdom meiner det er arrogant av regjeringa å la vera å gripa inn i saka.

– Regjeringa tvingar folk til å jobba svart. Forsøk på å gjera det på ein skikkeleg måte og betala skatt blir straffa, seier Aydar.

Ho trur andre tiltak enn bøter må til for å hindra folk i å arbeida svart, og peiker på at fleire kommunar har gått inn for arbeidsløyve til asylsøkjarar og ikkje-returnerbare flyktningar.

Vil sjå på lovverket på ny

– Det er ei veksande utfordring for oss, som har vore lovgjevarar for desse menneskja, korleis me skal takla denne situasjonen, seier stortingsrepresentant for Arbeidarparitet, Tore Nordtun.

Det var frå 1. januar 2011 regjeringa stramma opp, og tok skattekorta frå dei 18.000 papirlause flyktningane her i landet. Men når fleire nå likevel held fram i jobbane sine, bør ein sjå på lovverket på ny, meiner Nordtun:

– Når ein ser at denne gruppa er veksande i Norge, må me på eit eller anna tidspunkt gjera opp status og sjå på korleis me skal handsama denne situasjonen som aukar i omfang, seier Nordtun.

Video Møtte politikarane

VIDEO: Dei papirlause møtte stortingspolitikarane frå Rogaland på Sola, tysdag.