Hopp til innhold

Usemje om svevestøvets helsefare

Legar i Stavanger er ikkje samde om kor helsefarleg forureina byluft om vinteren eigentleg er. Medan helsesjefen kjempar for tidvis køyreforbod på dei verste dagane, seier lege Kåre Reiten at dårleg luft ikkje er eit helseproblem i byen.

Luftkvalitet målestasjon

MÅLAR DÅRLEG LUFTKVALITET: Luftkvaliteten i Stavanger sentrum blir målt her på målestasjonen på Kannik. På vinteren har den målt luft som er meir forureina enn den juridisk bindande grenseverdien i forureiningsføreskriftene.

Foto: Rolf Marnburg / NRK

Kåre Reiten

Kåre Reiten er lege i Stavanger og leiar for kommunalstyret for levekår i Stavanger kommune, han meiner helseargumentet berre forsvarar tiltak dei enkelte dagane det er urovekkjande høgt innhald av svevestøv og gasser i lufta.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Dei siste vintrane har det dukka opp raude tal på luftmålestasjonane i store byar med mykje trafikk. Helsefarleg luft med mykje svevestøv blir sett på dagsorden og i fleire byar blir det sett inn eller vurderer ulike tiltak.

– Lite medisinsk problem

Men Kåre Reiten (H), som er lege i Stavanger og leiar for kommunalstyret for levekår i Stavanger kommune, seier han ikkje har sett mykje til helseplager knytt til den forureina lufta.

– Verken eg eller lungelegane på sjukehuset i Stavanger har registrert nokon særleg forverring i situasjonen til dei som har pustevanskar, sjølv ikkje i forureiningsperiodane, seier Reiten til NRK.no.

Dette i ein by der lufta fleire gonger har gått over dei grenseverdiane som er sett
i eit EU-direktiv for god luft.

Reiten seier at kommunen likevel vil jobba for å redusera forureininga, men understrekar at den forureina lufta ikkje er eit stort medisinsk problem.

– Det er vitskapleg bevist

Helsesjef i Stavanger, Egil Bjørløw har vore med på å utarbeida handlingsplanen for byluft i Stavanger, og stiller seg uforståande til Reitens utspel:

Egil Bjørløw

Helsesjef i Stavanger Egil Bjørløw meiner helsefaren knytt til forureina luft må takast på alvor.

Foto: Eirin Larsen / NRK

– Det er vitskapleg bevist at luftforureining er helseskadeleg. Astmatikarar, folk som har plagar med luftvegane og folk med hjartesjukdom vil kunna få forverra sjukdommen. Det kan enda med sjukehusinnlegging og i ekstreme tilfelle død, seier Bjørløw.

Han seier at gravide også er spesielt utsette, men at alle kan merka at den forureina lufta som kjem frå biltrafikk og vedfyring ikkje er behageleg å pusta inn:

– Kven er det som likar å gå i eksos, seier helsesjefen.

Vil ha tiltak

Kåre Reiten meiner luftkvaliteten i Kannik-området berre er helsefarleg dårlig to-tre dagar i året:

– Dei som har budd i Stavanger veit at det stort sett regnar og bles her, derfor er det berre snakk om nokre få dagar det er snakk om. Derfor meiner eg at me ikkje bør greia ut og greia ut og greia ut, men heller handla dei dagane då det er aktuelt, seier Reiten.

Bjørløw meiner at det trengst tiltak eit av desse er datokøyring, slik at bilar med bilskilt som endar på oddetal berre kan køyra på oddetalsdatoar og motsett i periodar med mykje støv. Denne ordninga blei brukt i Bergen i fjor.

Dette saman med dei andre forslaga til betring av byluft skal bli behandla av formannskapet i Stavanger i morgon.

Kåre Reiten meiner at helseargumentet berre forsvarar tiltak dei enkelte dagane det er urovekkjande høgt innhald av svevestøv og gasser i lufta:

– Det viktigaste er derfor gode måleinstrument som oppdaterer oss time for time på luftkvaliteten, seier han.