Hopp til innhold

Ser til Bergen - vurderer forbod mot køyring i store delar av Rogaland

Halve bilparken i Stavanger kan få kjøreforbod til vinteren. Dei andre kommunane på Nord-Jæren vurderer også det same.

Trafikk Bergen

Når vêret er kaldt og stille over tid kan kommunen sjølv bestemma tiltak for å få ned luftforureininga.

Foto: Stig Erik Elliott / NRK

Per A. Thorbjørnsen

Nestleiar for kommunalstyret i levekår Per A. Thorbjørnsen skal i dag ta stilling til forslaget frå administrasjonen om å innføra køyreforbod i Stavanger.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Erfaringane frå Bergen viser at dei klarte å redusera trafikken med 25 til 30 prosent, seier Aud Jane Eie som er saksbehandlar i park og veg i Stavanger kommune.

Derfor føreslår dei køyreforbod også i Stavanger når vinteren står for dør. Noko som kan bety at halve bilparken her til tider må stå parkert.

Helsefarleg luft

Det er på dagar det er vindstille og kaldt luftkvaliteten blir svært dårleg sidan eksos og støv frå trafikken blir liggjande i lufta, noko som var eit helseproblem i Stavanger førre vinter.

I Bergen blei lufta så dårleg at dei til slutt gjennomførte tiltak der privatbilar med bilskilt som enda på oddetal og partal måtte køyra kvar sin dag.

– I vinter var verdiane til tider skyhøge for utsleppsgassar og svevestøv i Stavanger. Så høge at dei openbart var til fare for helsa, seier nestleiaren for levekår i Stavanger, Per A. Thorbjørnsen (V).

Han skal saman med dei andre politikarane i byen i dag sjå på om forslaget frå køyreforbodforslaget til administrasjonen kan bli ein realitet i vinter.

Det vil i så tilfelle fungera slik at bilar med bilskilt som sluttar på oddetal kan køyra på oddetalsdatoar, og tilsvarande når bilskiltet sluttar på partal.

VIDEO: Dårleg luft i Stavanger vinteren 2010

Video Dårlig luftkvalitet i Stavanger

ARKIV: I vinter var luftkvaliteten i Stavanger svært dårleg til tider. Årsaka var kaldt vêr og mykje trafikk.

Nokon får køyra

I forslaget som politikarane skal behandla ligg det likevel ein del unntak.

Med tre eller fleire i bilen er det berre å dura av garde og med elbil eller gassbil treng du ikkje ta med deg nokon heller.

Det skal ikkje gå ut over nytte og næringstrafikk og forbodet skal ikkje hindra funksjonshemma eller utrykkingstrafikk. Også køyring i offentleg regi, slik som heimehjelp og liknande går som vanleg.

Men for personbilar elles blir det stopp.

Må ein då auka kollektivtilbodet?

– Det kan vera aktuelt som eit tiltak i kombinasjon med restriksjonane ja, svarar Aud Jane Eie.

Fleire kommunar skal vurdera tiltak

Også for dei andre kommunane på Nord-Jæren kjem det opp ei sak om tiltak for å få ned luftforureininga på kalde og vindstille dagar.

Desse kommunane er Sandnes, Sola og Randaberg, og saka skal opp i løpet av hausten.

Kva som blir resultatet når politikarane behandlar saka, vil vise seg.