Hopp til innhold

Dagens ungdom er mykje tregare enn ungdomen på 80-talet

Gutar bruker over eitt minutt lenger på å springa 3000-meteren i dag, enn for knapt 30 år sidan. Det viser tal som blir lagt fram på open dag på Universitetet i Stavanger i dag.

Løpe

Det er særleg gutane som har fått dårlegare kondisjon viser tal samla frå to vidaregåande skular i Stavanger.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Det er gymlærarar frå to vidaregåande skular i Stavanger som har samla tala frå 3000-meteren heilt tilbake til 80-talet.

Før grein me når me måtte inn, nå grin dei når dei må ut.

Knut Svihus, mosjonist

Førsteamanuensis i idrett på Universitetet i Stavanger, Sindre Dyrstad, skal i dag presentera tala på open dag på UiS.

Gutar verst

Han har analysert tala, og meiner dei var som venta og at dette er ei lite heldig utvikling.

– Tilbakegangen i Norge er i tråd med tilbakegangen i andre land, men det som er viktig å vita når ein skal setja inn tiltak er at nokon blir veldig mykje dårlegare, mens andre held seg på eitt greitt nivå, seier Dyrstad.

Tala hans viser at gutar i snitt blir eitt minutt dårlegare på 3000-meteren, mens jenter ikkje har like stor tilbakegang.

– Mindre fysisk aktivitet

– Dette var kanskje det mest overraskande i undersøkinga, men ser ein bak tala kan dette skuldast at gutar har hatt ei større auke i kroppsvekt, og gutar driv også meir med pc-spel enn det jenter gjer, seier han.

Mosjonist Knut Svihus, som NRK trefte på joggetur rundt Mosevatnet, trur grunnen til at dagens ungdom er tregare enn kva ungdomen var for 30 år sidan generelt er mindre trening og fysisk aktivitet.

– Eg har fire gutar sjølv, og eg opplever endringa frå årskull til årskull. Før grein me når me måtte inn, nå grin dei når dei må ut, seier Svihus.