Hopp til innhold

Dansk krimfinale i Stavanger

Neste sesong av suksess-serien «Forbrydelsen» vil få si oppklaring i Stavanger. Innspelinga går i desse dagar føre seg i oljebyen.

Sarah Lund

Dansk Radio sin serie «Forbrydelsen» har hatt stor publikumssuksess både i NRK og på dansk TV. Sofie Gråbøl spelar Sara Lund.

Foto: Danmarks Radio

I oktober har sesong tre av «Forbrydelsen» premiere på NRK og dansk TV. Serien vil bli sendt til over nyåret, og når alle trådane i krimmysteriet skal nystast opp, vil dette skje i Stavanger.

Eit danske filmteamet på tretti personar er nemleg i full gang med å spela inn den siste episoden i området rundt oljebyen.

– Ein av DR sine største suksessar

– At siste episode blir spelt inn her kan jo tyda på at mordaren er her frå, spøkjer Jarle Bjørknes, som er dagleg leiar i Filmkraft Rogaland.

Han er liker godt at dei blei kontakta av danskane.

– Dette er ein av DR sine største suksesseriar, at dei ville spela inn avslutninga her er me sjølvsagt veldig glade for.

Les òg:

Dusavika i morgon

Filmkraft bidreg med å legga forholda til rette for produksjonsselskapet og med norske filmarbeidarar.

Tysdag blei opptaka gjort på flyplassen på Sola, i morgon er det venta at innspelinga skal skje i Dusavika.

Serien sin engelske tittel er «The killing», og dei to første sesongane som blei vist på NRK hadde begge over ein halv million sjåarar i snitt kvar episode.

Serien har også vore nominert til tre Emmy-prisar.

Flere nyheter fra Rogaland