Det meste er på plass før morgondagens gratiskonsert i Bjergsted i Stavanger.
Stavanger Symfoniorkester (SSO) skal saman med Jan Ove Ottesen spela Kaizers-songar på ein heilt ny måte.
– Meir og meir smoking
– I går var første gong eg song live, der det berre var orkesteret og meg. Det vanskelegaste er timinga, sidan rytmen er mindre tydeleg med orkesteret enn med bandet, seier ein spent Janove Ottesen.
Han seier at tida framover vil stå i symfoniens teikn for Kaizers Orchestra.
– Me er nett nå ferdige med innspelinga av Violeta Violeta Volum tre, og her er SSO med på alle låtane. I tillegg skal me ha konsertar i Operahuset i Oslo saman med KORK, seier Ottesen dagen før startskotet for symfonitida til Kaizers går.
– Nå vil det nok bli meir og meir smoking utover, tøyser Kaizers-vokalisten
VIDEO: – Dette blir symfoniens år
– Kler musikken
Det er under Statoil sin gratiskonsert i Stavanger, folk får sjå Janove Ottesen aleine saman med SSO.
- Les og sjå video:
Ottesen meiner symfonipreget kler Kaizers-musikken godt. Noko som dei utnyttar til det fulle i den tredje plata som kjem.
– Volume tre er det me har valt å kalla ein sigøynarmusikal i rockesjangeren, og låtane er komponerte med tanke på at dei skal orkestrerast vidare. Nå er innspelinga 100 prosent ferdig, og tru meg, det er heftige saker.
Albumet er venta i november, medan konsertane med KORK i Operahuset skjer i januar, på nyåret.