Hopp til innhold

– Flaut for alle og einkvar

Laurdag blei kanskje fleire stavangerfolk litt flaue på vegner av byen sin. I beste sendetid synte NRK dokumentaren «Safari i lysløpa», der elleve kamera og femten mikrofonar har dokumentert ein kveld på byen i Stavanger.

Video Trailer for dokumentaren Safari i lysløypa

SJÅ TRAILER: Laurdag 19. november var NRK ute for å dokumentera ein kveld på byen i Stavanger. Resultatet ser du i dokumentaren 'Safari i lysløypa' på NRK1 førstkomande laurdag. (Foto: Tom Edvindsen)

Odd Tveit Jørgensen ser dokumentar frå Stavanger

VANLEG NORSK BY: Politistasjonssjef i Stavanger Odd Tveit Jørgensen seier at 'Safari i lysløypa' syner korleis det er ein laurdagskveld i ein vanleg norsk by.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er nok ein del folk som vil bli litt flaue og det vil også vera dei som kjenner seg att, seier Johan Mihle Laugaland, som står bak den halvtimes dokumentaren om nattelivet i Stavanger.

Fleire kameralag har foreviga laurdagskvelden 19. november i Stavanger ved å følgja ein ambulansesjåfør, ein politibetjent, ein natteravn, ein drosjesjåfør, ein venninnegjeng og ein pubmusikar.

Både fyll og vald er viktige ingrediensar i dokumentaren «Safari i lysløypa», men slik er det i Stavanger ein laurdagskveld seier politistasjonssjef Odd Tveit Jørgensen i Stavanger.

– Eg vil seia at programmet gjer eit godt bilete av korleis det er ein laurdagskveld i Stavanger. Nokon har det kjekt, mens andre drikk for mykje, seier han.

Johan Mihle Laugaland og Eirik Gjesdal

FERDIGE I REDIGERINGSROMMET: Programskaparane Johan Mihle Laugaland (t.v.) og Eirik Gjesdal har dei siste fire vekene jobba med ein halvtimes dokumentar om ein kveld på byen i Stavanger. Laurdag 17. desember klokka 22.40 blir programmet sendt på NRK1.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Begge sidene av medaljen

At det som blir vist i programmet er representativt for utelivet i Stavanger er ein av hovudårsakene til at det for mange kan bli litt flaut å sjå på, meiner Eirik Gjesdal som har klypt programmet.

– Sidan dette viser korleis det faktisk er på byen kan det bli flaut for alle og ein kvar, eg har sjølv vore litt flau når eg har jobba med klyppinga, seier Gjesdal.

– Her får folk sjå «dridas-Stavanger» med «edru-auger». Og det er jo alltid litt ekkelt å vera edru saman med fulle folk, fullfører Mihle Laugaland.

Han presiserer at det ikkje berre er fyll og bråk det som kjem fram i dokumentaren.

– Laurdagskvelden er eit høgdepunkt for folk og det er mykje glede, latter, smil og tungekyss å sjå i programmet. Me håper at me får fram begge sidene av medaljen, seier programskaparen.

– Vanleg norsk by

Det har vore mange etiske omsyn å ta i samanheng med dokumentaren. Eirik Gjesdal seier at dei har hatt tett kontakt med den juridiske direktøren i NRK i prosessen:

– Det er svært mykje av det me har i råstoffet som me ikkje har brukt. Av det me har brukt er det fleire stader me har måtta sladda både fjes og stemmer. Me har vore ekstra forsiktige i tilfelle der folk openbart ikkje ser konsekvensen av det dei gjer eller ikkje veit at dei blir filma, seier han.

– Har du inntrykk av at laurdagskveldane er ekstra galne i Stavanger?

– Eg trur ikkje det er ekstra gale her, men det er kanskje litt annleis, seier han.

Odd Tveit Jørgensen i politiet seier han er stolt av å vera politistasjonssjef i Stavanger, og at det som blir vist i «Safari i lysløypa» ikkje er verre enn det som skjer i andre norske byar.

– Dette er ein vanleg laurdagskveld i ein norsk by, seier han.