– Eg er kommunist. Det var avgjerande for meg at Rødt er eit antiimperialistisk og antikapitalistisk parti. Det er imot norsk medlemskap i EU/EØS og NATO, svarar Solveig Aamdal på kva som var grunnen til at ho valte å støtte Rødt.
Dei neste fire åra har ho fleire hjartesaker ho vil kjempe for.
– Ingen norske troppar i Afghanistan, betre pensjon for alle, unngå at uføretrygda blir øydelagt, betre skule og eldreomsorg og nei til EU-direktiv som svekkar norske interesser, seier Aamdal til NRK Trøndelag.
Mintgrøn og rosa regjering
Når Solveig Aamdal skal velje seg politiske samarbeidspartnarar blir den politiske ståstaden til partia viktig.
– Eg vil påverke den raudgrøne regjeringa slik at den blir minst muleg mintgrøn og rosa.
Kva parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?
– Eg samarbeidar helst med den raudgrøne alliansen, svarar Aamdal.
Kva parti vil du samarbeide minst med?
– Framstegspartiet.
Støttar kommunane
Solveig Aamdal og Rødt er imot at vegutbyggingane i Trøndelag skal finansierast med bompengar.
Ho er opptatt av rovdyra, men ikkje for einkvar pris.
– Det må finnast rovdyr også i Nord-Trøndelag, men ikkje på kostnad av sørsamane og busetting i distrikta.
Kva meiner du om å slå saman kommunar i Trøndelag?
– Eg er i utgangspunktet imot å slå saman kommunar. Om det skal gjerast, må initiativet kome frå kommunane sjølve, seier Aamdal.
Send epost til