Hopp til innhold

Fasttelefonen taper terreng

Stadig fleire kuttar ut heimetelefonen. SMS og chatting får skulda.

Telefon

BLIR OVERFLØDIG: Stadig fleire droppar fasttelefonen og går over til kun mobiltelefon.

Foto: Ida von Hanno Bast, Bast, Ida von Hanno / Scanpix

I telefonen

TEK OVER: Mobil og internett tek over som kommunikasjonskanalar.

Foto: Martin Kierstein / Colourbox
Elisabeth Sørbøe Aarsæther

Elisabeth Sørbøe Aarsæther er kommunikasjonsdirektør i Post- og teletilsynet.

Foto: Pressefoto

Den delen av husstandane som brukar fasttelefon har gått frå å vere nesten 100 prosent til berre 70 prosent på få år.

– Den viktigaste årsaka er at unge kommuniserer på ein heilt ny måte, seier Elisabeth Sørbøe Aarsæther, informasjonsdirektør i Post- og teletilsynet.

Droppar fasttelefon

Etter at mobilen vart allemannseige for både vaksne og born, har det gått nedover med den gamle, trauste fasttelefonen. Nye husstandar opprettar som regel ikkje ein eigen hustelefon, medan mange seier opp fasttelefonen fordi dei ikkje lenger treng han.

– Kommunikasjonsforma endrar seg. Ein set seg ikkje lenger ned i gangen og ringer, det er viktig å vere mobil. Vi tekstar innmari mykje, og har dermed eit mindre behov for lange samtalar. Det går ikkje så bra med fasttelefonen, slår Aarsæther fast.

Samtidig som den gamle fastlinja taper terreng, har breibandstelefonien blitt mindre populær enn venta.

– Vi ser at breibandstelefoni og vanleg fasttelefon ikkje er så trendy. Det er kun mobil som er trendy, seier Aarsæther.

Pratar mindre

I tillegg til at fleire droppar fastlinja, blir den mindre og mindre brukt hos dei som har den. I 2003 prata vi i gjennomsnitt 442 minutt i månaden på fastlinje og breibandstelefon, i 2009 nesten 200 minutt mindre. Berre frå 2008 til 2009 gjekk bruken ned med 20 minutt. Samtidig blir mobilsamtalane og tekstmeldingane fleire, viser tal frå Post- og teletilsynet.

– Det einaste problemet med mobil og internett er at straumbrot kan kutte kommunikasjonen. Utan straum går internettet ned, slik at heller ikkje breibandstelefonane vil fungere. Basestasjonane for mobilnettet kan òg gå tomme for straum, og då har vi berre den gamle fastlinja igjen, seier Aarsæther.

– Ikkje død

Heidi Egede-Nissen
Foto: Marianne Otterdahl-Jensen / Ventelo

Telecomleverandøren Ventelo vil ikkje vere med på at fasttelefonen er blitt overflødig. Dei meiner huslinja framleis er viktig for mange.

– Fasttelefonen er ikkje død. Trenden er nok at unge hoppar over, men vaksne vil framleis ha fasttelefon, seier kommunikasjonssjef i Ventelo, Heidi Egede-Nissen.

Ho peikar på at leverandøren teiknar om lag 2000 nye abonnement i året, og meiner flytting og skilsmisser er mykje av grunnen til det.

– Fasttelefon har mange fordelar også; det er betre lyd, samtidig som linja sjeldan er nede, seier Egede-Nissen.

Aarsæther i Post- og teletilsynet er einig i at fasttelefonen neppe vil forsvinne totalt.

– Det er leveringsplikt på fastlinje i Noreg, så alle husstandar har rett på linje viss dei vil ha det, seier Aarsæther.