Hopp til innhold

– Skal bli Noregs største økobutikk

Lovar rettferdig handel utan profitt, midt i Trondheim sentrum.

Une og Irén Bastholm

ØKOLOGISØSTRENE: Une Aina og Irén Bastholm opnar daglegvarebutikk med rettferdige økovarer.

Foto: Tor Erling Vassrusten

Etikken

«ETIKKEN»: Den nye butikken held til i Kjøpmannsgata i Trondheim.

Foto: Tor Erling Vassrusten
Une Aina Bastholm

HAR TRUA: Marknadsansvarleg Une Aina Bastholm trur at Trondheim er klar for ein økologisk butikk.

Foto: Tor Erling Vassrusten
Butikkhylle i økobutikken

RETTFERDSVARER: Alle varene her skal vere enten økologiske eller Fairtrade-merka.

Foto: Tor Erling Vassrusten

– Eg trur Trondheim er klar for eit slikt tilbod, seier marknadsansvarleg ved daglegvarebutikken «Etikken», Une Aina Bastholm. I dag er ho full av både idealisme og forventning.

Familiebedrift

Det er dagen før dagen i Kjøpmannsgata 51 i Trondheim. Tusenvis av varer er stabla i kvite trehyller, og det grøne butikkskiltet er hengt opp utanfor. No er det ingen tvil om kven som held til her.

– «Etikken» skal fylle eit tomrom vi sjølv har merka. Vi har sakna eit utval av økologiske varer og fairtradevarer i Trondheim, seier Bastholm.

I mars i år bestemte ho seg, og saman med mora og søstera har ho allereie fått realisert planane om ei økoforretning. 24-åringen fullfører ein mastergrad i internasjonal politikk i år, og hadde aldri sett føre seg at ho nokon gong skulle starte butikk.

– Men det er jo veldig kjekt! Og så er det artig å gjere noko heilt anna, etter årevis som student. Eg har lært utruleg mykje, og hittil har det gått over all forventning, seier Bastholm entusiastisk.

– Trondheim er grøn

Den unge gründeren lovar ein butikk som er annleis, og meiner at det trengs i denne byen.

– Trondheim er ein grøn by på mange måtar. Det er mange studentar her, og mange «grøne folk» som er opptekne av rettferd og økologi. Det har rett og slett berre mangla på tilbodssida, trur Bastholm.

Ho meiner utvalet av økologisk og fairtradevarer blir styrt av dei store kjedene, og at helsekostbutikkar er for dyre. Bastholm vil ha i både pose og sekk.

– Eit skikkeleg utval er viktig, samtidig som det må vere billigast mogleg. Økologisk og rettferdig mat skal ikkje vere berre for dei rike og idealistiske, seier ho bestemt.

24-åringen fortel at fleire av leverandørane til butikken har kome med mange lovord. Dette kan vere Noregs største økobutikk, meiner dei. Bastholm håpar at det kan bli ein realitet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Etikken

KLAR: Une Aina Bastholm er full av forventning før den store opningsdagen.

Foto: Tor Erling Vassrusten

Non-profit

Familiebutikken skal drive etter det Bastholm kallar ein «motsett marknadsstrategi». Utan overskot og utbytte.

– Vi har ikkje planar om å tene noko meir enn at vi går rundt. Vi betalar sjølvsagt løn, men skal ikkje ha noko overskot. Dersom vi får det, må vi sette ned prisane, ler Bastholm.

Ho har likevel ein draum om å kunne utvide sortimentet dersom butikken går bra.

– Vi vil gjerne satse meir på lokale varer etter kvart. Men vi må først sjå om trondheimsfolket er interessert i denne butikken, seier Bastholm.

Førebels kan ho trøyste seg med at det er fleire rettferdige varer like ved. Daglegvarehandelen opnar nemleg saman med butikken «The Fair», som skal selge Fairtrade barneklede og leiker.