Hopp til innhold

Vakna av at vindaugene eksploderte

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein familie på fire redda seg i morgontimane ut frå ein brennande einebustad på Kyrksæterøra i Hemne.

– Ein av bebuarane høyrde at vindaugene begynte å eksplodere. Vedkomande fekk varsla og vekt tre andre personar som budde i huset og fekk dei ut, seier operasjonsleiar Tore Kyllo ved Sør-Trøndelag politidistrikt til NRK.

Behandla for røykskadar

Politiet fekk melding om brannen klokka 0559. Dei fire personane blei er alle sendt til sjukehus for ein sjekk etter brannen.

– Dei har fått røykskadar, men eg veit ikkje kor alvoreleg det er, legg Kyllo til.

Huset brann ned

Brannvesen, ambulanse og politi var på staden. Rundt klokka 0630 har bustaden brunne heilt ned, opplyser politiet.

Årsaka til brannen er ikkje kjent.