Hopp til innhold

Drapssikta hengt ut på nettet

Den 18 år gamle mannen, som er sikta for drapet i Skaun er hengt ut med namn og bilete både i aviser og på internett.

Klubbhuset ved travbanen i Børsa

Den 18 år gamle mannen skal ha tatt livet av ein 15 år gamal jente her ved klubbhuset på travbana i Skaun søndag.

Foto: Anders Ulvolden / NRK

Tirsdag ettermiddag blei det oppretta ei hatgruppe mot gjerningsmannen på nettstaden Facebook.

Fleire medlemar meldte seg inn og skreiv grove og trugande ting om 18-åringen.

Mannen blei kalla eit monster og enkelte skreiv ting som kunne tolkast som ein drapstrugsel. Mange meldte seg inn i gruppa og skreiv at dei tok avstand frå innhaldet. Etter nokre timar blei gruppa fjerna frå nettstaden.

– Eg trur vi må leve med slike typar innlegg på nettstadane. Det går ikkje an å verne seg heilt mot det. Avisene har mulegheit til å drive eigen sensur, men på nettstader kan ei aldri garantere seg mot at slikt ikkje kjem på trykk, seier førsteamanuensis i mediesosiologi, ved NTNU, Hendrik Spilker, til NRK Trøndelag.

– Vis folkevett

Han rådar alle som har profilar på nettstader som til dømes Facebook og Nettby om å vise sunt folkevett.

– Ha i tankane at det du skriv og ytrar er offentleg og blir publisert på ein offentleg arena, seier Spilker.

Den siste veka har vi også høyrd om ein familie som fekk vite om dottera sitt sjøvmord på Facebook.

Hendrik Spilker meiner enkelte overtramp på sosiale medier bør følgjast opp.

– Dei verste overtrampa vil truleg kunne følgjast opp utifrå reglar vi allereie har. Nokre ytringar vil vi kanskje kunne stille folk til ansvar for, sjølv om eg trur det er ein lang veg å gå, seier Spilker.

Dagbladet identifiserte mannen

Førsteamanuensis i mediesosiologi ved NTNU, Hendrik Spilker reagerer også kraftig på at Dagbladet tirsdag publiserte namn og bilete av den 18 år gamle mannen på framsida av avisa.

Han syns dette var ein grusom måte å framstille ein slik tragedie på.

– Eg blei veldig overraska og trudde dette var brot på alle rettar og kan ikkje skjøne noko anna enn at dette må få kraftige etterspel i pressen sine organ, seier Hendrik Spilker som er førsteamanuensis ved NTNU i Trondheim til NRK Trøndelag.

Grundig vurdert

Dagbladet har stor forståing for at det vekkjer reaksjonar at avisa har trykt bilde av gjerningsmannen og skrive namnet hans.

Dei gjorde ei grudig vurdering i redaksjonen før dei valte å publisere saka og peikar på at det er viktig å vere open.

– Folk skal kunne orientere seg i alvorlege kriminalsaker. Vi har også vurdert om vedkomande er vaksen eller barn, i dette tilfellet er han vaksen, om han har tilstått og kor langt etterforskinga har komme. Med den svært opprørande drapssaka i bakhovudet, fann vi ut at vilkåra for å identifisere var tilstades, seier etikkredaktør i Dagbladet, Lars Helle, til NRK Trøndelag.

Han legg til at det slett ikkje er uvanleg at ein som er sikta i ei drapssak blir namngjeven i ei avis.