Hopp til innhold

Moskus slått ut av lungebetennelse

37 moskusar døydde på Dovrefjell i fjor.

Moskus-døden fortsetter
Foto: Storløkken / Scanpix

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag ser svært alvorleg på at så mange dyr har døydd i løpet av eitt år.

- Det har vore eit uvanleg stort fråfall av moskus i fjor og vi har registert 37 døde dyr, seier Bjørn Rangbru, ved miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, til NRK Trøndelag.

Flest vaksne dyr

Hovudårsaka til dei høge dødstala er utbrotet av lungebetennelse i fjor sommar. 24 dyr døydde av smitten, i tillegg døydde 13 dyr etter å ha blitt påkøyrd av tog eller avliva av tryggleiksmessige årsaker.

Dødstalet er spesielt alvorleg fordi størsteparten av dei som døydde av smitten var vaksne dyr.

- Viss det døyr mange dyr kan det få konsekvensar for veksten i moskusstamma. Vi vil no sende inn prøvar til ei helseundersøking for dyr, så vil vi vurdere tiltak når vi får resultata, seier Rangbu.

Fryktar fleire utbrot

I dag er det i underkant av 200 moskusar på Dovrefjell.

Rangbru fryktar konsekvensane om det i åra framover kjem fleire sjukdomsutbrot.

- Moskusen held til i polare strøk og er avhengig av kaldt klima. Det vil ikkje vere bra for moskusen på sikt, om klimaet blir varmare. Om vi får fleire tilfelle, som det vi hadde i fjor, vil det vere alvorleg for stamma på sikt, seier Rangbu.

I løpet av våren skal fylkesmannen telje dyra på nytt.