Hopp til innhold

Dette skiltet er hypermoderne og skal varsle bilistar om glatt veg

Når det er glatt på Brekke bru på E16 i Flåm kjem dette skiltet til å blinke og varsle for at bilistane skal tilpasse farten etter tilhøva.

Brekke bru i Aurland har fått nytt avansert utstyr for å gjere den tryggare.

RESULTAT: Statens vegvesen håpar dette skiltet skal få bilistane til å setje ned farten.

– Vi håpar at dette skal bli eit tilskot til trafikantane slik at dei kan tilpasse farten etter tilhøva når dei får meir informasjon om forholda, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Per Ove Fossheim.

Nyvinninga har kosta ein million kroner.

I 2007 omkom ei kvinne og seks personar vart skadde då eit vogntog mista kontrollen på brua som ligg mellom Flenjatunnelen og Fretheimstunnelen i Flåm i Aurland kommune.

I etterkant av ulykka fekk Statens vegvesen kritikk i rapporten frå Statens havarikommisjon for transport (SHT).

Vegvesenet vart av fleire bilistar varsla om glatt veg like før ulykka, men tok det ikkje vidare.

Blir styrt av klimastasjon

I rapporten vart det konkludert med at Vegvesenets entreprenør måtte forbetre oppfølginga av kritiske punkt på viktige vegruter, og dei bad Statens vegvesen om å etablere vêrstasjonar for stadar som er spesielt utsette for rim- og isdannelse, mellom anna Brekke bru i Flåm.

No er altså eit skilt på plass som skal gi dei køyrande beskjed når det skjer endringar i temperaturen som fører til glatt veg. Skiltet er styrt av ein klimastasjon som står litt lenger nede i bakken.

– Der har vi nokre dippeduttar på ei skiltstong som ser kor glatt det er på vegbana. Vi har kopla skiltet mot dei sensorane, og skiltet går på og viser når temperaturen og vegbana er slik at det tek til å bli glatt, seier Fossheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Ove Fossheim

TRU DET NYTTAR: Prosjektleiar Per Ove Fossheim i Statens vegvesen.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Ei litt spesiell strekning

– Denne strekninga er litt spesiell, og vi valde å plassere han her for å ha litt meir kontroll på strekninga. Vi har også kamera på vegstasjonen for å sjå korleis det ser ut på staden, seier Fossheim.

Brekke bru er ein krevjande stad, då både plassering og omgjevnader gjer at køyretilhøva kan variere fort og mykje.

– Det som er spesielt her er at vi har ei strekning som ligg i eit dalføre, vi har ei elv i botn av dalen, vegen har stigning og kurvatur og går opp på ei bru. For oss som skal drifte vegen her, så ser vi av og til at det er utfordrande å få sett inn dei rette tiltaka til rett tid, seier Fossheim.

Han trur dette hjelpemiddelet vil vere viktig for entreprenøren deira.

– Slik at dei kan følgje med og gjere tiltak i forkant slik at vi er endå sikrare i forhold til å utføre dei tiltaka som må utførast for å hindre at det blir glatt, seier Fossheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trafikkulukke i Flåm

OMKOM: Ei kvinne omkom og ein mann vart hardt skadd i ulykka på Brekke bru.

Foto: Arve Uglum / NRK

Såg moglegheiter på strekninga

Han trur denne type skilt vil ha mykje å seie.

– Som ein hovudregel skal trafikantane tilpasse farten etter tilhøva, så viss dette kan bidra til at dei vert endå meir observante her, så vert vi veldig glade for det, seier Fossheim.

Berre i region Vest har Vegvesenet 70 vêrstasjonar, men det er første gong denne teknologien er brukt i Sogn og Fjordane.

Vi såg at her hadde vi ei moglegheit til å dra nytte av den teknologien og bruke dei resultata vi får til å kople oss opp til eit skilt som kan signalisere at no kan det vere glatt, seier Fossheim.

Han legg til at det er viktig å hengje med i den rivande utviklinga på feltet.

– Det er ei stadig utvikling, og det er heile tida viktig for oss å fornye oss og få inn det utstyret vi treng for å ha ein vêrstasjon som fungerer godt. Teknologien utviklar seg, vi har eit stramt driftsbudsjett, så det er alltid ei avveging kor mykje vi kan investere i denne type ting, seier Fossheim.