Hopp til innhold

Går ikkje vidare med saka

Trygve Skjerdal, som mista mor si i dødsulukka i Flåm, vil ikkje anke henleggelsen inn for Riksadvokaten.

Statsadvokatane har lagt vekk ulukka der 69 år gamle Borgny Skjerdal frå Flåm omkom.

Ulukka skjedde for to år sidan på Fretheimsbrua i Aurland. Til Bergens Tidende Trygve Skjerdal at han ikkje ynskjer å gå vidare med saka etter henlegginga . Også far hans vart alvorleg og varig skadd i ulukka.

Til avisa seier han at dei avventar rapporten frå Statens havarikommisjon for transport, som er venta om ikkje lenge.

Etterforskinga av saka har ikkje kunne avdekke at nokon av sjåførane eller Mesta skal ha handla aktlaust i ulukka.