Hopp til innhold

Ny rapport kritiserer vedlikehald

Ulykka der ein person vart drepen og fleire skadde på E16 i Flåm kunne vore unngått med betre rutinar og reningslinjer. Det slår havarikommisjonen fast.

Trafikkulukke i Flåm

ALVORLEG: Fleire køyretøy var innblanda i ulykka på den glatte vegen på Brekke bru i Flåm.

Foto: Arve Uglum / NRK

Statens havarikommisjon for Transport (SHT) meiner entreprenøren, Mesta Drift AS, ikkje har følgt opp tilstanden på vegnettet i forkant av den alvorlege ulykka på Brekke bru i Flåm i 2007.

– Entreprenøren burde følgt opp tilstanden. Det er ansvaret deira og ein del av kontrakten deira, seier havariinspektør Martin Visnes i SHT.

Havarikommisjonen har i dag kome med ein konklusjon etter ulykka på E16 på Brekke bru i Flåm der ein person omkom og tre vart alvorleg skadde. Ein trailer mista veggrepet og fekk sleng på det svært glatte føret.

To personbilar kom i klem mellom traileren og autovernet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rapport

HAR KONKLUDERT: Havarikommisjonen har konkludert og meiner ulykke kunne vore unngått med betre retningslinjer.

Manglande rutinar

Havarikommisjonen skriv at «Statens vegvesen hadde ikkje definert spesielle problempunkter på vegstrekninga som skulle ha spesiell oppfølging, slik det var beskrevet i funksjonskontrakta.»

Dei meiner at entrepenøren hadde manglande rutinar for å identifisere kritiske punkt på vegnettet fordi det lettare oppstår rimdanningar og glatt vegbane på brua enn andre vegar.

Brua var ikkje inspisert på ulykkesdagen eller dagen i forvegen, og entreprenøren konkluderte med at det ikkje var behov for salting.

– Funksjonskontrakta for drift og vedlikehald innebærer at entreprenøren skal ha systemer som sikrer kontroll over driftstilstanden på vegnettet. Her må dei gjennomgå systemene sine, seier Visnes til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trafikkulukke i Flåm

FLEIRE SKADDE: Ein person omkom og fleire personar vart skadde.

Foto: Steinar Kvigne/porten.no

– Kunne vore unngått med betre retningslinjer

SHT meiner det burde blitt installert ein vêrstasjon ved brua og målepunkt på sjølve brua fordi den er spesielt utsett for rim- og isdanningar.

– Rimdanninga var ein viktig faktor for at ulykka skjedde, seier Visnes.

Han meiner det er gjort for lite i innhentinga av naudsynt informasjon på brua og at ulykka kunne vore unngått om det hadde vore betre retningslinjer.

Tok ikkje meldingar på alvor

Før ulykka skjedde kom det inn meldingar om glatt veg til Vegtrafikksentralen frå trafikkantar, men meldingane vart ikkje vurdert som trafikkfarlege og vart dermed ikkje vidareformidla. Det burde dei ha gjort, ifølgje kommisjonen.

– Uventa glatt veg på ei bru utan at det har kome nedbør i området, må betraktast som ein klar indikasjon på isdanning, seier Visnes.

Mesta: – Kunne ikkje forutsjå ising

Mesta Drift AS har ein onsdag gjennomgått rapporten frå Statens Havarikommisjon.

– Mesta beklagar den alvorlege ulykka og dei alvorlege konsekvensane dette medførte. Samstundes meiner Mesta at det ikkje var rimeleg å forvente at vi skulle forutsjå at det var ising på denne brua. Men det er ei tragisk ulykke, og vi legg oss innspela frå Statens Havarikommisjon på minne, seier kommunikasjonssjef Erik Ryste i Mesta.

Han meiner Mesta har følgt forpliktingane dei hadde i kontrakten med Statens vegvesen.

– Vi har oppfylt krava i kontrakten som vi hadde med Statens vegvesen. Det har også vegvesenet gitt uttrykk for at vi har gjort, og så registerer vi at Havarikommisjonen er av ei anna oppfatning.

Tek rapporten på alvor

Statens vegvesen vil tek rapporten frå Havarikommisjonen til etteretning, og har alt gjort fleire grep for å sikre betre vintervedlikehald av vegen.

– Innhaldet i rapporten blir viktig å leggje til grunn for vårt vidare arbeid. Slike ulykker må vi gjere alt for å unngå. Dette er også bakgrunnen til at vi no vil tilby berr veg heile året på denne viktige vegen, seier Nils Magne Slinde, avdelingsdirektør i Statens vegvesen Sogn og Fjordane.

Har inngått ny avtale om berr veg

Slinde fortel at vegvesenet i 2008, altså året etter dødsulykka, lyste ut ny driftskontrakt for det aktuelle området på E16.

– Då gjekk vi gjennom både hendinga i Flåm, men også ganske mange andre tilbakemeldingar frå trafikantar på E16, og den store trafikkauken vi har hatt på E16. Det gjorde at vi har auka vinterstandarden på E16 både i Gudvangen, Flåm og Aurland, seier Slinde.

Statens vegvesen kan framleis ikkje garantere at ikkje vegen stundom vil vere glatt. Men er ifølgje Slinde skal det skje langt sjeldnare.

– Det er heilt umogleg å halde vegnettet bert heile året. Det skjer raske vêrendringar, og vi kan ha store temperaturfall som gjer at det framleis er glatt. Men når vi inngår avtale med entreprenøren om berr veg, så skal det i alle fall skje langt sjeldnare. Og folk må sjølvsagt avpasse farten etter forholda, oppmodar avdelingsdirektøren.

– Trist

Han seier det er trist å oppleve tragiske ulykker som den i Flåm på vegnettet.

– Vi i Statens vegvesen arbeider heile tida for å unngå slike ulykker. Ut frå både Havarikommisjonen sin rapport og våre eigne rapportar som vi fekk i samband med ulykka i 2007, så har vi sett på om det er ting vi kan gjere annleis for å unngå at slike ting skal skje, seier Nils Magne Slinde.